Debatt
Forslag om nytt distriktspolitisk virkemiddel
Fråflyttinga frå utkantkommunar held fram i stadig sterkare grad, nærast uansett politiske tiltak.
Den verbale politiske intensiteten synest derimot å vere uforminska. Debatten har vore fokusert på tiltak i periferien åleine og ikkje kopla opp til virkemiddel i sentrale strok. Eit unntak har vore utflytting av statlege arbeidsplassar frå hovudstaden, men dette har og sin parallell i regional sentralisering av statlege arbeidsplassar, som særleg råkar utkantkommunar.
Ei verksemd i ein by har sine tilsette. Innanfor ein god del verksemder kan tilsette no jobbe heimanfrå, eigentleg uansett avstand. (Sjølv skreiv eg, redigerte og var medforfattar i over 20 bøker om Sogn og Fjordane med bustadadresse Ås i Akershus).
Eit insentiv for å flytte arbeidsplassar frå by til utkant kan vere følgjande:
Byverksemda vert friteken for arbeidsgjevaravgift for den/dei tilsette som flytttar frå byen til ein utkantkommune. Utkantkommunen får i sin tur dobla innbyggjartilskotet for den som flyttar, inkludert hans familie (ektefelle og barn ved flyttetidspunktet).
Det bør og vurderast om den som flyttar skal få eit eingongstilskot, t.d. dekt flytteutgiftene. Kommunens ekstrainntekt for dei tilflytta gjeld så lenge vedkomande er tilsett i byverksemda. Det er den økonomiske motiveringa til byverksemda som er det viktigaste elementet i dette forslaget. Men det inneber at alle involverte får ein motivasjon for flyttinga frå by til land. Ordninga skulle og vere lett å administrere, då den er knytt opp til enkeltperson/familie.
Områda «by» og «utkantkommune» må nærare konkretiserast. T.d. vil ei flytting frå Oslo til Bærum, frå Bergen til Fjell eller Os, neppe vere distriktspolitikk. Det vil og vere for firkanta å snakke om «by» for alle kommunar med bystatus. Då ville t.d. Førde og Flora bli ekskludert frå dette distriktspolitiske virkemiddelet.