I valkampen lova Larvik-ordførar Birgitte Gulla Løken (H) å fjerne eigedomsskatten. – Når Larvik i 2022 var 112 millionar kroner frå å vere på landssnittet for frie inntekter, så må ein kunne innvende at den store elefanten i rommet er at kommunen sjølv ikkje ønsker eigedomsskatt, skriv Anne Kristin Førde.

I valkampen lova Larvik-ordførar Birgitte Gulla Løken (H) å fjerne eigedomsskatten. – Når Larvik i 2022 var 112 millionar kroner frå å vere på landssnittet for frie inntekter, så må ein kunne innvende at den store elefanten i rommet er at kommunen sjølv ikkje ønsker eigedomsskatt, skriv Anne Kristin Førde.

Foto: Agnar Kaarbø
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Elefanten i rommet: Skattesvake kommunar har ikkje eigedomsskatt

Det bør vere eit minstekrav at kommunar som har valt ikkje å ha eigedomsskatt, innfører dette før ein ber om pengar frå innbyggjarar i kommunar som har slik skatt.

Kampen om kronene i inntektssystemet blir stadig sterkare. Dei såkalla skattesvake kommunane arrangerte 22. januar ein konferanse for «et inntektssystem for likeverdige tjenester». 25. januar møtte fleire av paneldeltakarane frå konferansen på Debatten på NRK. Eit opprør er i gong.

Det er dei «rike» kommunane dei «fattige» ønsker man skal ta ifrå.

Det er 31 «opprørskommunar» som står bak dette initiativet til endringar i inntektssystemet. Inntektssystemet er et nullsumspel, og endringar vil nødvendigvis føre til at man tar ifrå nokon og gir til nokon andre. Det er dei «rike» kommunane dei «fattige» ønsker man skal ta ifrå.

Eit poeng som hittil ikkje har vore oppe i debatten, er mangelen på innføring av eigedomsskatt i fleire av desse skattesvake kommunane. Eigedomsskatten er nemleg ein kommunal skatt. Om ein ønsker å ha eigedomsskatt og korleis utforminga av skatten skal gjennomførast, er i stor grad opp til kommunane.

I dag er det totalt 34 av kommunane i Norge som har valt ikkje å innføre nokon form for eigedomsskatt. Av desse finn vi sju av dei «fattige» kommunane som står bak opprøret for endringar i inntektssystemet.

Larvik kommune innførte først eigedomsskatt i fjor. Denne skatten lova ordførar Birgitte Gulla Løken (H) i valkampen å fjerne.

Larvik kommune har i tillegg saman med ti av dei resterande 24 kommunane bak opprøret betydelege botnfrådrag på eigedomsskatten. For Larvik kommune er botnfrådraget på skatten som kommunen no skal avvikle, på 750.000 kroner.

Omsynet til likeverdige tenester er sjølvsagt eit nobelt formål, og alle ønsker å kunne tilby gode helse-, skule- og velferdstenester til sine innbyggjarar.

Skulen i Larvik, som ordføraren trekker fram som eit skrekkeksempel, er ikkje eit godt syn og sjølvsagt ikkje noko vi kan vere kjent med i Norge. Likevel er det grunn til å stille spørsmål ved korleis denne skulen hadde vore dersom ein over fleire år i Larvik hadde fått større inntekter frå eigedomsskatt.

Andre kommunar på Larvik sin størrelse, for eksempel Arendal, har innført eigedomsskatt og tok imot 146 millionar kroner i 2022 frå denne skatten. Dette trass i at kommunen har eit botnfrådrag på 225.000 kroner.

Når Larvik kommune i 2022 var 112 millionar kroner frå å vere på landssnittet for frie inntekter, så må ein kunne innvende at den store elefanten i rommet er at kommunen sjølv ikkje ønsker eigedomsskatt.

Det bør vere eit minstekrav at kommunar som sjølv har valt ikkje å ha inntekter frå eigedomsskatt frå sine innbyggjarar, innfører dette før ein ber om pengar frå innbyggjarar i dei 323 kommunane i landet som har belasta sitt næringsliv eller innbyggjarar med ein slik skatt.