Debatt

Avtaleval – at nokre parti går saman for dele posisjonar – gir i Ålesund i 2015 eit rimeleg bra samsvar med valresultatet. Men det finst mange eksempel frå andre kommunar der vi trygt kan seie at avviket er i største laget, skriv Tore Hals. Foto: Magnus K. Bjørke
Avtaleval – at nokre parti går saman for dele posisjonar – gir i Ålesund i 2015 eit rimeleg bra samsvar med valresultatet. Men det finst mange eksempel frå andre kommunar der vi trygt kan seie at avviket er i største laget, skriv Tore Hals. Foto: Magnus K. Bjørke

Eit tankeeksperiment om konstituering

Kan valresultatet vere den viktigaste premissen når kommunestyret konstituerer seg?

Publisert Sist oppdatert

Dersom forhandlingar fører til eit for stort avvik frå valresultatet, er det ein risiko for at veljarane går sure.

No som støvet etter prosessane med å konstituere seg har lagt seg, lurer eg på om du vil bli med på eit lite tankeeksperiment. Tenk deg følgjande tanke: Kva om valresultatet kan vere den viktigaste premissen når kommunestyret konstituerer seg og vel sine organ? Men slik er det vel?

Ja, på ein måte. Men vi ser eksempel på at eit parti med 5,4 prosent av stemmene og tre av 59 representantar i kommunestyret (og faktisk ein mindre enn i førre valperiode), har fått ordføraren. Dette kan tyde på at andre faktorar enn valresultatet har vore det viktigaste.

Korleis vi kan legge valresultatet til grunn, skal eg straks komme til.

Men først: Kommunestyret er det øvste organet i kommunen og er direkte vald av innbyggarane som har stemmerett. Medlemsplassane (mandata) blir fordelt mellom dei listene (partia) som stiller til val, ut frå talet på stemmer. Lister med flest stemmer får flest medlemer.

Den eller dei kandidatane på listene som har fått flest personstemmer, tar sete på den eller dei plassane lista har fått. På den måten samsvarar samansettinga av kommunestyret med veljarane si stemmegiving.

Formannskapet er ei forsamling av «formennene», altså «dei fremste» blant dei valde, og skal derfor bli vald av og blant dei faste medlemene i kommunestyret. Er det ikkje da naturleg at formannskapet blir sett saman av dei første mandata i kommunestyret og dermed dei personane som har fått sete på desse plassane?

Lat oss ta eit eksempel der mandata (medlemsplassane) i kommunestyret kan vere fordelt slik:

  • Mandat 1: Parti A
  • Mandat 2: Parti B
  • Mandat 3: Parti A
  • Mandat 4: Parti C
  • Mandat 5: Parti A
  • Mandat 6: Parti D
  • Mandat 7: Parti B
  • Mandat 8: Parti C
  • Mandat 9: Parti A
  • Osv.

Mandat 1 og 2 er dei fremste blant dei valde. Dermed er det vel naturleg at parti A får ordføraren og parti B varaordføraren. Ved 7 medlemer i formannskapet vil parti A få 3 medlemer, B får 2, C får 1, og D får 1.

Kven som skal bli ordførar, varaordførar og få plass i formannskapet, er med andre ord ei direkte følgje av valresultatet og samsvarar altså med det veljarane har bestemt.

Om dette er mindre demokratisk og meir «urettferdig» enn å avgjere det gjennom forhandlingar, er vel avhengig av auga som ser.

Ei slik ordning vil kunne føre til at ingen ikkje treng noko fleirtal for å sikre seg ordføraren, varaordføraren og plass i formannskapet. Det blir bestemt ut frå samansettinga av kommunestyret.

Korleis kan ordninga som er kasta fram her, slå ut i praksis?

Lat oss ta Ålesund som eksempel. Ved valet i 2015 fekk Arbeiderpartiet mandat nr. 1. Eva Vinje Aurdal fekk flest personstemmer og skulle dermed bli ordførar, noko ho faktisk vart – etter forhandlingar.

Høgre fekk mandat nr. 2. Øystein Tvedt fekk flest personstemmer og skulle dermed bli varaordførar. Det vart han ikkje fordi forhandlingar gav vervet til Tore Johan Øvstebø (KrF).

Formannskapet ville også ha sett litt annleis ut (Klikk på bildet for større versjon):

Skilnaden er kanskje ikkje så stor, men vi ser at dei to største partia har gitt frå seg kvar sin plass i formannskapet til fordel til to mindre parti. Åse-Marie Myren og Jarle Hauge Steffensen har fått plassane som Njål Bele og Edvard Devold ville ha fått etter tankeksperimentet.

Ved avtaleval er det krav om at formannskapet samla sett skal ha balanse mellom kjønna. Dermed er det no 6 kvinner og 7 menn. Etter tankeeksperimentet må det vere balanse innan kvart parti. Det gjer at Atle Istad måtte vike for ei kvinne. Med tankeeksperimentet får dermed formannskapet 5 kvinner og 8 menn.

Avtaleval inneber at nokre parti går saman for å dele posisjonar. Eksempelet ovanfor viser at tankeeksperimentet kan gi ei anna resultat enn kva eit avtaleval kan gi.

Men vi ser også at tankeeksperimentet gir eit betre samsvar mellom plassane i kommunestyret og plassane i formannskapet – og dermed valresultatet.

Dersom forhandlingar fører til eit for stort avvik frå valresultatet, er det ein risiko for at veljarane går sure og tenker som så: Kva hensikt har det å stemme når resultatet ikkje blir tatt omsyn til?

Avtaleval i Ålesund gir i 2015 eit rimeleg bra samsvar med valresultatet, men det finst mange eksempel frå andre kommunar – både før og no – der vi trygt kan seie at avviket er i største laget. Kan det tenkast at slikt vil kunne få påverknad på valdeltakinga?

Dette er altså eit tankeeksperiment – og snart er det jul.

Powered by Labrador CMS