Debatt
Eit sterkt og samla Vestland
Framtida er her og no. Med eit internasjonalt næringsliv i ei globalisert verd, treng vi regionar som har makt og mynde til å handtera ei utvikling sett i eit perspektiv på minst 50 år.
Fylkene i vest har to store byar, to universitet og mange høgskular som alle vil vera enorme drivkrefter for å kunna løfta Vestlandet til ein betydeleg region for Noreg. Dette er ei spennande framtid som folk må vera med og bestemma.
Kommunalminister Åslaug Haga er ei tøff dama. Ho har teke tak i regiondebatten og skrive ei stortingsmelding som skal handsamast i april. Meldinga går i hovudsak ut på at Noreg vert regionalisert frå 1. januar 2010, og at det vert lagt fleire nye oppgåver til regionane. I tillegg er dette ei stor demokratireform og ein siger for demokratiet, for regionane skal vera folkestyrde, og folk får såleis innverknad på si eiga framtid.
For det er nemleg slik at demokratiet er under press. Mange viktige avgjersler som gjeld folk flest og forvaltning av felles verdiar, vert tekne i lukka styrerom eller i EU. Vi har fått tusenvis av lover og forskrifter frå EU som etterkvart vert innlemma i vårt eige lovverk og som vert gjeldande norsk lov. Stortinget, som har lovgjevande makt, vert sett på sidelina når EU-direktiva melder seg. Sameleis kan eg nemna helseføretaka, Telenor og Statoil, som ordnar opp med fellesverdiane våre langt borte frå dei folkevalde.
EU har teke eit oppgjer med avdemokratiseringa og vedteke Lisboa-traktaten. Gjennom den satsar dei på regionane på ein slik måte at alt som ikkje treng å avgjerast i Brussel eller nasjonalstaten, skal bestemmast regionalt og lokalt. I tillegg legg dei til grunn Göteborg-traktaten, som seier at utviklinga skal vera berekraftig.
Erkjenninga er at eit svekka demokrati er eit svekka EU, og legitimiteten til avgjerslene som vert tekne vert også svekka. Dette er ein tap-tap-situasjon for folk og union. Innovasjon, utvikling og vekst skjer i regionane som difor har fått meir pengar, ansvar og makt. Dei same utviklingstrekk skjer hjå oss.
Regionaliseringa her heime er heilt i pakt med utviklinga i resten av verda, frå Andes til Asia. Difor skal statsråd Haga skal ha ros for mot og gjennomføringsvilje her hjå oss.
Professor Dominic Salvatore ved Fordham University, som er ekspert på demokratiutviklinga i Europa, seier at veksten ikkje kjem i dei store landa lenger. Små land er meir konkurransedyktige enn store land. Små land er vant til å konkurrera, dei er meir homogene og har ein meir effektiv politikk. Han hevdar at regionane greier seg betre enn nasjonalstaten. Dette fordi dei er meir konkurransedyktige, er endå meir homogene og har ein meir tilpassa og fleksibel politikk.
Regionmeldinga seier ikkje noko om kor store regionane skal vera. Det «vert å koma attende til» til neste vår. No er det oppgåvene som skal bestemmast. På Vestlandet er vi heldige å ha same næringsliv, kultur og busetnadsmønster.
1. januar 2010 vedkjem oss alle og er oppstarten for regionane i Norge. Dette vil få store konsekvensar for utvikling og samarbeid i vår region. Eg møtte statsråd Åslaug Haga i Stortinget rett før jul, og meldinga om forvaltningsreforma er ei «historisk reform», for å sitera ho.
Det er klart at dette ikkje har vore ei lett oppgåve for ho og departementet, for motkreftene har vore sterke og har operert på ulikt vis. Det er mange no, spesielt i det politiske miljø, som sit musestille og håpar på at det heile skal gå over.
Og det som forundrar meg mest, er at Høgre og Framstegspartiet er så til dei grader nøgde med statsstyringa og byråkratiet at dei vil legga ned folkestyrte fylke, og seier nei til nye og større regionar. Det er heilt ufatteleg!
Eg ynskjer Åslaug Haga og forvaltningsreforma lukke til, og set mi lit til at vi har framsynte og motige stortingspolitikarar som plasserer skikkelege oppgåver, makt og mynde til dei nye regionane.