Debatt

Eit forsvar for Jante

Eit grunnlovsjubileum står for døra. Mange meiner at lova er forelda og ikkje høyrer heime i vårt moderne samfunn. Like fullt har ho ein sentral plass i det norske sjølvmedvitet. Går flagget til topps når Jantelova rundar 75 år i 2008?

Vi slepp altså å vente heilt til 2014 før vi kan feire eit grunnlovsjubileum. Til neste år er det 75 år sidan forfattaren Aksel Sandemose festa Jantelova til papiret, i den mest kjende passasjen av romanen En flyktning krysser sitt spor. Kan det verkeleg vere rett å tilleggje Jantelova konstitusjonell status, undrar du kanskje.

Rett eller ikkje rett: Det synest vere nok av dei som meiner at dei ti grunnsetningane er ei mektig samfunnskraft. Det gjeld ikkje berre her til lands, men òg i dei skandinaviske grannelanda våre.

Eg skal på ingen måte hevde at søkjemotoren Google er ei påliteleg kjelde til sanning. Men ein vert iallfall overvelda når ein ser kva som veltar fram av bloggar, debattartiklar og liknande gjennom eit Google-søk på Jantelova, Janteloven og Jantelagen. I alle sine skandinavisk-språklege variantar gjev Jantelova heile 230.000 treff på Internett. Er det mykje eller lite?

Vel, for å samanlikne, kan vi sjå korleis det står stilt med originalen til dei ti manande bodorda, henta ned på Sinaifjellet for meir enn 3.000 år sidan: Dei ti læresetningane til Moses når, kanskje overraskande for nokre, slett ikkje opp i konkurransen. Dei ti bodorda gjev faktisk langt under halvparten så mange Google-treff, framleis innanfor det same språkområdet.

Jaha, det inneber vel at lova er populær og lyt feirast, då? Nei, diverre, eg trur vi lyt sjå langt etter bollar, brus og festivitas. Bloggane på nettet talar eit tydeleg språk: Jantelova er hata, ikkje elska, og det er nettopp difor vi er så opptekne av henne. Jantelova er kanskje ei grunnlov, men då for dei feige og smålege, for dei middelmåtige og misunnelege, for alle dei som ikkje toler at nokon stikk seg fram, får vi vite. Jantelova held dei dugelege nede, og skapar stagnasjon for heile samfunnet. Vi ansvarlege, frisinna og vidsynte har difor plikt til å hundse, håne og trakke på Jantelova. Slik vil det nok også verte i 2008, i sjølve jubileumsåret. All political correctness tilseier at vi skal døme Jantelova nord og ned, endå ein gong.

Det vert i sanning eit trist jubileum. Kan då ikkje nokon for ein gongs skuld seie noko fint om 75-årsjubilanten? Det finst vel knappast nokon som vil finne på å halde ei flammande forsvarstale til fordel for lova. Men det vil eg ha sagt: Når eg ser kven som går ut i media og omtalar seg sjølve som offer for Jantelova, og som fiskar etter sympati frå ålmenta - ja, då tenkjer eg av og til at Jantelova kan ha noko føre seg, iallfall i moderate dosar.

For kven er det som ropar høgast om jantelov? Jau, det alle dei som oppdagar at pengar, status eller høgtsvevande idear ikkje gjev vilkårslaus respekt eller rett til å oppføre seg slik ein vil. Vi finn dei over alt i samfunnet: Du kjenner finansakrobaten med hyttepalasset, han som gjerne vil framstå som miljøtalsmann, men som ikkje drøymer om gje slepp på privatflyet, speedbåten eller alle dei blankpussa bilane.

Du kjenner kulturprofilen; anten det no er realitykjendisen som ikkje har noko å fare med utover sjølve kjendisstatusen, eller kunstnaren som ikkje har lukkast i å byggje opp nokon folkeleg appell. Og du kjenner den «visjonære» samfunnsaktøren med dei sprelske og banebrytande ideane om korleis heimkommunen skal setjast på verdskartet éin gong for alle, om berre lokalpolitikarane har guts nok til å satse nokre usle titals millionar kroner på prosjekta hans.

Når desse møter litt motstand - ja, kva er då vel meir opportunt enn å framstille seg sjølve som stridsmenn i einsam kamp mot Jantelova?

Å ta i bruk merkelappen «jantelov» er ein altfor effektiv og lettvint måte å stemple meiningsmotstandarar på, og ein hersketeknikk som vi alle lyt verte flinkare til å gjennomskode. Du signaliserer at du ser deg sjølv som kulturelt og moralsk overlegen, at du - i motsetnad til motstandarane dine - har krav på respekt.

Urbanistenkan til dømes slengje ut av seg påstandar om at landsbygda er gjennomsyra av jantelov; av trongsyn, sosial kontroll, konformitetspress og flokkmentalitet. Korleis i alle dagar forsvarar ein seg mot noko slikt? Bevisbyrda fell på den som vert angripen.

Nei, vi skal nok ikkje feire Jantelova til neste år. Jantelova skisserer i spissformulert form ein undertrykkingsmekanisme som einskilde lir under, ein mekanisme vi pliktar å kjempe imot. Men medan Jantelova for lengst er definert som eit problem, er vi alt for lite merksame på at sjølve skuldingane om «jantelov» kan vere urettmessige. Slike påstandar fungerer ofte som eit forsvar mot den sunne, kritiske sansen og stundom som ein undertrykkingsmekanisme i seg sjølv.

Skrevet av: Yngve Flo

Powered by Labrador CMS