Debatt
Djevelen i detaljane
Kommunale budsjett er ikkje som klassisk påskekrim. Oftast er det lettare å finne mordaren i krimmen, enn konsekvensane av budsjettet.
Sist veke omtalte vi Verdal kommune, der det no er stillingsstopp og 48 årsverk skal vekk i løpet av eit par år – dei fleste allereie i år. No like før påske kjem meldinga om at Nøtterøy må kutte 30 millionar kroner – dei innfører òg tilsettingsstopp.
Verdal og Nøtterøy er berre eit par nye døme på det som er ganske typisk i Kommune-Norge. Før jul sit politikarane og diskuterer budsjett. Eit par månader seinare kjem administrasjonen attende med dei reelle konsekvensane av budsjettet. Ofte har korkje politikarar eller lokalpressa fått med seg kva det ein vedtok faktisk fekk av konsekvensar.
Eg har sjølv nyleg vore to år i lokalpressa, og veit akkurat kor vanskeleg det er for ein journalist å avsløre ein rådmann som bløffar eller ikkje ønskjer å få merksemd om kor stramt neste år faktisk vert. Kan hende veit han det ikkje alltid sjølv heller.
Du vert gjerne innkalla til ein pressekonferanse. Alle lokalaviser stiller sjølvsagt på alle pressekonferansar kommunen held, og difor held kommunen pressekonferanse om den minste ting. Men no er det budsjett, og då er det alvor.
Så sit rådmannen og økonomisjefen på den eine sida av bordet, og du og ein like usikker journalist frå det konkurrerande mediehuset på andre sida. Rådmannen leiar samtalen, han fortel kva vi skal vere merksame på, kor dei store utfordringane har vore og kva ein har vore nøydt til å seie nei til av ønskjer frå avdelingane. Og vi skriv. Det er tre timar til deadline. Å lese budsjettet frå perm til perm får vi gjere seinare.
Seinare, når vi kan hende har lese eit par av kapitla i budsjettet, eller nokon andre har gjort det for oss, får vi interessegrupper i tale. Nokre kjempar for skulen sin, andre for sjukeheimen, ei tredje gruppe for skateboardpark. Framleis skriv vi spalte opp og spalte ned.
Ofte forsvinn det overordna biletet i detaljane. Mange rådmenn er utruleg flinke til å ause på med heilt marginale opplysningar om at den merkantilt tilsette på Nav jobbar 10 prosent for barnevernet, eller at Kjell på eigedom meiner vi burde bruke 3.000 kroner på å fikse inngangsdøra til gymsalen.
Kor ofte får vi svar i budsjettprosessen på spørsmålet: Kor mange stillingar må bort som følgje av dette forslaget? Antakeleg altfor sjeldan. Eller vi seier oss tilfredse med svaret om at tenestene skal oppretthaldast. Sjølvsagt skal dei det. Ingen kommunar har lov til å fjerne skuletilbod, barnehagetilbod eller sjukeheim.
Eg veit ikkje om det vart varsla godt nok i budsjettprosessane i Verdal og Nøtterøy om at ei tilsettingsstopp var like om hjørnet. Dei er som nemnd berre døme ved dette høvet. Ein kan – heilt generelt – nokre gonger mistenke rådmenn for å vente med å fortelje kor tøft det blir, for på det viset å tvinge politikarane til noko dei eigentleg ikkje ønskjer.
Det verkar som om det gong på gong er altfor stor skilnad mellom det politikarane trur er stoda, og slik verda verkeleg ser ut. Så kan hende er det kommunebudsjettet som er den eigentlege påskekrimmen?