Debatt
Det levande og ekte lokalsamfunnet
Alle lokalsamfunn prøver å vere spesielle og unike. Og alle er det om dei tør. Det spesielle ligg i grenselandet mellom topografi, folk, kultur, tradisjonar og næring.
Stadig fokus på trong kommuneøkonomi gjer at kommunar må bruke energien sin på må-oppgåver basert på nasjonale regelverk, rammeoverføring og stadig nye reformer. Dette sikrar folk flest tilgang til gode og trygge tenester, og gode og nær kompetanse uansett kvar dei bur i landet. Og i alle fasar av livet. Men det gjer også kommunane like og lite spennande, om ikkje kommunane samstundes får mulegheit til å drive litt meir bør-politikk. Det er i bør-politikken kreativitet blir utløyst og engasjementet får handlingsrom.
Kulturskolane er både ei kommunal må- og bør-oppgåve. Stortinget har sagt at vi, som einaste land, skal ha kulturskoletilbod i alle kommunane. Framsynt og litt dristig, men framfor alt viktig tenkt og gjort.
Og Stoltenberg-regjeringa følgjer opp med friske målsettingar for kulturskolen. Det nyleg igangsette kulturskoleløftet har slått fast at «alle barn som ønskjer det, skal få eit kulturskoletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris». Føringa blir underbygt med at «dette skal sikrast gjennom statlege stimuleringsmidlar og ein solid kommuneøkonomi», og at det mellom anna skal sjåast i samanheng med SFO.
Skolen har over tid retta fokus mot den teoretisk undervisinga. Fokuset på matematikk, lesing, skriving og språk er prioritert framfor dei estetiske faga. Barn og ungdom er som alle andre heilskaplege menneskje. Litt praktisk og litt teoretisk. Men ujamt fordelt frå person til person. Derfor er det viktig at skolen har møteplassar, undervisning og arbeidsrom for alle type elevar. Alle er gode innafor eitt eller anna område. Mulegheit til å få «opptre» der vi er gode, gjer oss trygge, sikre og kreative. Kulturskolen er ein slik arena for mange.
Ein kulturskole vil også kunne byggje bruer. Mellom dei etablerte innbyggjarane og nyinnflyttarar. Både frå vårt eige land og dei som kjem som tilflyttarar frå andre land og kulturar. Sansar og skaparkraft kjenner ikkje landegrenser. Dans, musikk, idrett, teater og biletkunst samlar og utfordrar på tvers av bakgrunn og identitet. Det samlar til felles utvikling, utfordring og oppleving.
Ein kulturskole skapar stoltheit. Over å yte, prestere og vise fram. Kulturhusa og grendehusa er fullsette når kulturskolane inviterer til framsyning. Og alle lokalsamfunn treng stoltheit og skaparglede gjennom eigne innbyggjarar. Det samlar, motiverer og sikrar identitet.
Og framfor alt: Kulturskolen er ein arena for å lykkast. Dyrke fram talent og meistring. Og talenta er jamt fordelt rundt om i landet berre arenaen for «å bli god» blir etablert.
I Vågå har vi 480 grunnskoleelevar. Alle desse er ulike. Sterke på noko, svake på noko anna. Enkelte får dyrka talentet sitt i skisporet eller på fotballbanen, andre med tverrfløyte, fele eller på scenen. Medan andre trivst best i kjemirommet eller med franskboka. Alle er like verdfulle. Og da er samspelet mellom dei teoretiske og praktiske faga avgjerande for kvar vegen går vidare. Derfor er kulturskolen sin plass, og prioritering i den enkelte kommune i forhold til grunnskolen viktig. Kanskje er det på tid at idretten får bli ein del av kulturskoletilbodet, og at kulturskolen blir ein integrert del av grunnskolen?
I Vågå vil vi i tida framover ha fokus på «det heilskaplege menneskje» med forankring i kulturskolen og det denne representerer. Derfor er vi glade for at Norsk kulturskoleråd har peika ut Vågå som ein av fire kommunar som skal ha fokus på mat i kulturskolen. Arne Brimi vil vere sentral for oss i dette arbeidet. Han erallereie i gang med eit smakprosjekt på grendeskolen sin på Tessanden i Vågå. Ein smak utfordrar sansar og fantasi. Barna blir utfordra på 250 ulike smakar.
Regjeringa set seg store mål når dei vil fjerne ventelistene og sette eit øvre tak på elevavgift. Dette må skje på ein måte som utløyser engasjement og utvikling framfor å utfordre til nye debattar i kommunestyra der fokuset blir kva som må fjernast av innarbeidde tilbod og nivå på tenester for å kome storting og regjering i møte på ei ny nasjonal føring.
Det blir påstått at enkelte kulturskolar er jentedominerte og at foreldre med piano i stova og fulle bokreoalar på veggen er dei som let borna sine gå på kulturskole. Avgiftstak og eit tilbod til alle vil fjerne slike teoriar. Men da må kommunane som eigar av kulturskolane ta ansvar og sjølve få vere med og definere innhaldet i kulturskolane. For å sikre både breie og smale tilbod. Både med utgangspunkt i den lokale kulturarven og dei nasjonale og internasjonale straumane.
Ingen annan kan fargeleggje kommunane som kulturskolane. Og dei vil farge kommunane ulikt. Om kommunane og innbyggjarane får det nødvendige handlingsrommet. Det vil igjen gje auka livskvalitet, auka stoltheit og sterkare og meir målretta barn og elevar.