Debatt

Det gode dømet

Kommunal Rapport går i front og tek Lov om redaksjonell fridom i media inn i sitt formål og grunnsyn.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag vart eit tidsriktig formål og grunnsyn for ei fri og ubunden avis vedteke på ekstraordinær generalforsamling i Kommunal Rapport. Dermed er du som lesar garantert avis redigert på eit uavhengig journalistisk grunnlag i oversynleg framtid. Det gjeld både papir- og nettversjon.

KS som eigar av Kommunal Rapport vil at avisa skal vere ubunden, at formål og grunnsyn skal vere tilpassa den nyleg vedtatte Lov om redaksjonell fridom i media. Ho slår fast at eigar av medieføretak ikkje kan instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål, men at eigar legg ramma for redaktøren sitt arbeid gjennom vedtak om redaksjonelt grunnsyn og formål.

Leiinga i KS forsto det var viktig å få nytt, modernisert formål og grunnsyn på plass no. Eit eintydig og vel forankra formål og grunnsyn set fokus på eigarrolla, og avklarar kva ansvar og moglegheiter utgjevar og styret har - og ikkje har. Det er bra.

Som eg skreiv på kommentarplass da eg starta som ansvarleg redaktør her i avisa i mars, skal vi drive kritisk journalistikk. Med det formål og grunnsyn som gjeld frå denne veka, har Kommunal Rapport eit solid grunnlag for å vere den vaktbikkja Kommune-Noreg og lokaldemokratiet treng.

Redaktørplakaten, som Kommunal Rapport også har skrive under på, legg til grunn at redaktøren støttar grunnsynet og formålet for avisa, men innafor denne ramma skal redaktøren kunne leie redaksjonen fritt og uavhengig. Ho skal stå heilt fritt til å forme dei redaksjonelle meiningane, sjølv om dei i enkelte spørsmål ikkje vert delt av utgjevar eller eige styre.

I presseverda er det frå tid til anna saker der eigar prøver å gripe inn i det redaksjonelle. Eit ferskt døme i fagpressa er konflikta rundt Fagbladet, der Fagforbundet som eigar ville ha kontroll over enkelte av dei avgjerdslene som bør ligge hos redaktøren. Eg skal ikkje gå meir inn på Fagbladet, berre peike på kor viktig formål og grunnsyn er, for at du som lesar skal vere sikra fri og ubunden journalistikk. Det er garantibeviset, som generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening seier det.

I Kommunal Rapport, som i fleire andre nisjeaviser, har det gjennom åra ikkje vore uproblematisk å komme fram til formuleringar i grunnsyn og formål som eigar, styret og dei tilsette, kunne leve godt med. I forslaget til grunnsyn og formål som Hovedstyret i KS handsama i førre veke, og som ekstraordinær generalforsamling i Kommunal Rapport vedtok denne veka, heiter det innleiingsvis at Kommunal Rapport skal være Norges ledende avis innen kommunesektoren, på papir og nett. Avisens målgrupper er politikere og ledere i kommunal og fylkeskommunal sektor, inkludert kommunale bedrifter over hele landet, samt relevant opinion.

Til grunn for avisens virksomhet ligger Lov om redaksjonell fridom i media, selskapets vedtekter, Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Tekstreklameplakaten.

(…)

Dette sikrar dine interessar som lesar. Det har ein ubetaleleg verdi for Kommunal Rapport og meg som redaktør - og KS som eigar, vil eg meine ¬¬- at avisa har eit omdøme som fri og uavhengig.

Kvar utgjevar bør sjå verdien av redaksjonell fridom. KS fortener honnør for å vere så tidleg ute som eigar med å ta Lov om redaksjonell fridom inn i grunnsyn og formål for avis og nettstad.

Powered by Labrador CMS