Debatt

Det folket vil ha

«Folket vil beholde fylkeskommunen». Alle sansar vart skjerpa, då denne overskrifta lyste imot meg frå Kommunal Rapport rett før jul. Kva er det som skjer? Forklaringa kom då eg flytta augo frå overskrifta til teksten.

Det var slett ikkje slik at «folket» hadde storma gatene til forsvar for det som sensasjonelt nok viste seg å vere ein høgt skatta institusjon i det norske styringsverket. Nei, artikkelen viste til ei meiningsmåling utført av Norsk Respons. Byrået hadde spurt folk om dei ville halde fast ved fylkeskommunane eller erstatte dei med større regionar. Sett opp imot dette alternativet, kom eit klårt fleirtal av dei som føretok eit val ut av skåpet som fylkeskommunetilhengjarar - mange av dei til stor overrasking for seg sjølve, vil eg tippe.

Mange vil vel oppfatte dette som eit val mellom pest og kolera. Sjølv ville eg, etter klåre råd frå kunnige kollegaer, ha valt kolera, stilt overfor eit slikt val. Sjansen for å krepere er langt mindre, vert eg fortalt. Men om det dermed gjer meg til koleraentusiast, er vel heller tvilsamt. Det same kan vi vel i hovudsak seie om det fleirtalet som i denne målinga seier dei ynskjer å halde fast ved fylkeskommunen. Dette er eit val «folk» ikkje vil ha, og i den grad dei vert tvungne til å velje, føretrekk dei ein velkjent kolera framfor ein ukjent pest. Eller noko sånt.

Å måle meiningar ligg i grenselandet mellom vitskap og akrobatikk. Som meiningsmålar er du ansvarleg for at resultata du sankar inn, på eitt eller anna vis gjev uttrykk for «sanninga». Dette er ikkje enkelt. Eg kan tenkje meg at samvitsfulle meiningsmålarar stundom kan ha vanskar med nattesvevnen. Yrkesetikken tilseier at du skal gjere ditt beste for å unngå at svara vert for sterkt farga av måten du spør på. Som du ropar i skogen, får du svar. Og sjølv om samvitet enno måtte vere reint når alle tal er innsamla og analyserte, veit du at det kanskje verste står att. Frå den augneblinken tala er offentlege, er dei å rekne som fritt vilt.

Politikarar kommenterer naturlegvis tala slik at dei står fram som mest mogleg opportune for dei sjølve. Journalistar og deskmedarbeidarar er på si side primært opptekne av at bodskapen kan spissast og vekkje merksemd ute blant det folket som har fått meiningane sine målte: Har du sett, meiner vi verkeleg det?

Det var sjølvsagt den nyleg presenterte meldinga om regionreforma som var påskotet for å måle folkemeininga denne gongen. Den hundsa, håna og nederlagsdømde fylkeskommunen er tilsynelatande daud, but he won´t lie down. Han skal i regi av Åslaug Haga kome attende i ny ham. Klesdrakta liknar rett nok mistenkjeleg på den gamle, men storleiken er auka, frå Medium til Extra Large.

Ordet region, som betyr alt, og såleis ingenting, er perfekt på denne skapnaden. Fargar og snitt er mødesamt utvald for å unngå å provosere, og følgjeleg òg engasjere nokon som helst. Regionen er heilt avhengig av folkeleg engasjement, men utformar ein regionen med dette for auge, vil han hisse opp for mange, og aldri sjå dagens lys. Kjenner Haga til boka og filmen Catch 22, skal tru?

I eit spørjeprogram på radio stod ein innringar bom fast, etter å ha fått lese opp dei tre svaralternativa. «Kan eg få fleire alternativ?», spurde han, og strauk vel dermed på opptaksprøva til Mensa.

Når det gjeld spørsmål knytt til organiseringa av det regionale styringsverket, sit det diverre ingen programleiar i studio med fasit i hand. Men nettopp då gjev det fornuft å etterlyse fleire alternativ.

Er det så den såkalla tonivåmodellen som er det opplagte alternativet til både pest og kolera? Om folk gjev katten i fylkeskommunen og har endå mindre til overs for regionane, er vel det eit klårt signal om at dei ikkje vil ha noko representativt organ på mellomnivået? Når vi kjenner frammøtestatistikken ved fylkestingsvala, er det vanskeleg å avvise ein slik påstand kategorisk. Men: Trass alt finn halvparten av alle røysteføre nordmenn det bryet verd å putte ein blå røystesetel i valurna ved lokalvala.

I arbeidet med regionalreform er det høgst relevant å spørje kva folket meiner. «Detnye systemet» lyt stå i stil til graden av folkeleg interesse og engasjement. Sannsynlegvis er «folk» i dette tilfellet korkje entusiastiske eller apatiske, men ligg ein stad midt i mellom.

For meir enn 30 år sidan hadde vi eit system som var ganske godt avpassa til det folkelege behovet for å involvere seg i regional politikk: Folket styrde fylkeskommunane indirekte, via kommunane.

Kan det tenkjast at ei regionalreform som lèt seg inspirere av denne løysinga er meir i samsvar med kva folk vil ha? Det er iallfall ein stad å byrje. Neste gong meiningsmålaren ringjer, bør du iallfall krevje at han har noko meir tiltalande enn pest og kolera på menyen!

Skrevet av: Yngve Flo

Powered by Labrador CMS