Debatt

Debatt I

Med skulestart denne veka, kom debatten om tilhøva som møter ungane våre når dei skal lære. I kommunen som kan skilte med landets beste skuleresultat, nemlig Oslo, toppa det seg med kampanje for ro, orden og disiplin!

Eg var sjølv til stades og høyrde rektor sin velkomsttale til dotter mi og alle dei andre ungane som hoppa av glede for å sjå kvarandre. Dei fleste ser nok fram til ein haust med både leiking og læring. Mange vil heilt sikkert gjere sitt beste, slik rektor ba om. Og mange vil få gode resultat, slik ho fokuserte på. Spørsmålet er om elevane i grunnskulen vil få drahjelp av Utdanningsetaten sin kritiserte kampanje for eit godt læringsmiljø.

Glimt i auge eller ei. Eg ville ikkje kledd meg i t-skjorte med «jeg er sjefen»-påskrift - og trudd det skulle gje meg leiarskapet, om eg som lærar ikkje klarte ta det på anna vis. Eg såg heldigvis ikkje dei omtala plagga i bruk på min skule. Derimot var det buttons i hopetall: «Jeg møter PRESIS til timen. Jeg vil ha ARBEIDSRO. Jeg vil LÆRE MER».

Bråk i klassa er eit problem. Det gjenstår å sjå om resultata av ro- og ordenkampanjen blir sterkare enn mediestormen første skuledag. Så langt er debatten om korleis ein skal oppnå ein god skulekultur og lyst til å lære det beste som har kome ut av disiplinsatsinga i Oslo-skulen.

Skrevet av: Kommunal Rapport

Powered by Labrador CMS