Debatt

– For eigen del har eg opp gjennom åra peika på kor viktig det er med øyremerka tilskot for å kunne gi dei eldste eldre pleie- og omsorgstrengande gode tilbod, skriv Johs. Vaag. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke
– For eigen del har eg opp gjennom åra peika på kor viktig det er med øyremerka tilskot for å kunne gi dei eldste eldre pleie- og omsorgstrengande gode tilbod, skriv Johs. Vaag. Illustrasjonsfoto: Magnus K. Bjørke

Blir Ap og Frp meir like i eldreomsorga?

Ap gjekk ved landsmøtevedtak inn for øyremerking i eldreomsorga. Eg ser på dette som ei gledeleg utvikling.

Publisert Sist oppdatert

Øyremerking til eldreomsorg vere med på å sikre ein viss minimumsstandard på tenestene.

Som tillitsvald i dei eldre sine råd og organisasjonar har eg gjennom dei siste åtte åra vore med på å vedta mange uttalar som har gått ut på at det må øyremerkast midlar til eldreomsorga, og at retten til sjukeheimsplass ved nødvendig behov må lovfestast. Det siste har Pensjonistforbundet, med sine over 200.000 medlemar, samrøystes gått inn for på sitt landsmøte i 2012.

KrF og Frp er dei einaste politiske partia som har programfesta det som Pensjonistforbundet har gått inn for.

For eigen del har eg gjennom fleire lesarinnlegg opp gjennom åra peika på kor viktig det er med øyremerka tilskot for å kunne gi dei eldste eldre pleie- og omsorgstrengande gode tilbod. Etter mitt syn vil øyremerking av midlar til eldreomsorg vere med på å sikre ein viss minimumsstandard på tenestene, samt at det heilt avgjort vil føre til meir likskap kommunane i mellom på dette feltet.

Ap sitt helseutval, kor Torgeir Micaelsen er leiar, har komme med ei ny plan for eldreomsorga, som har vore ute til høyring. I denne plana er det forslag om å innføre ei rekke nasjonale minstekrav til tenester og krav i eldreomsorga.

For å nå desse måla, er det komme forslag om å innføre eit nytt, øyremerka statleg tilskot. Dette vil føre til auka statleg styring av eldreomsorga, noko Frp lenge har etterlyst.

Situasjonen i dag er at kommunane får ein sum pengar, såkalla frie midlar, frå staten som fritt kan fordelast mellom til dømes barnehagar, skule og eldreomsorg. Det motsette, til dømes øyremerking av pengar til eldreomsorg, har Ap det siste tiåret vore motstandar av, ifølgje Aftenposten av 23. januar i år.

Partiet har meint at ei slik finansiering har bore preg av statleg overstyring av lokalpolitikarane. Dette er eit syn som, slik eg forstår det, også KS og partiet Sp er samd i.

På Ap sitt landsmøte justerte partiet kursen når det gjeld eldreomsorg. Ap gjekk ved landsmøtevedtak inn for øyremerking i eldreomsorga. Eg ser på dette som ei gledeleg utvikling.

I Aftenposten 20. april blir det lista opp 14 saker der Ap meiner noko anna no enn dei gjorde i regjering. Når det gjeld øyremerking i eldreomsorga, kan ein lese følgjande: «Ap går inn for økt bruk av øremerking i eldreomsorgen. Kommuner som oppfyller bestemte kvalitetskriterier, kan bruke midlene som de vil. Ap har det siste tiåret vært motstander av øremerking av midler til eldreomsorg.»

Frp ønsker prinsipielt at all eldreomsorg skal finansierast av staten. Partiet meiner eit vedtak om sjukeheimsplass eller heimesjukepleie, automatisk skal utløyse ein nærare fastsett sum frå staten som pasienten sjølv kan bruke på eit offentleg eller privat tilbod.

No tek Ap eit steg på same veg som Frp. Det har partiet gjort tidlegare også, i andre samanhengar. Ikkje noko gale ved det. I Ap sitt forslag vil ikkje pengane følgje pasienten. Dei vil i staden gå til sektoren. Vi talar om sektortilskot.

Micaelsen har sagt det slik, ifølgje Aftenposten 13. januar i år:

«Tilskuddet må innrettes slik at kommuner som oppfyller kriteriene for målbar god eldrehelse og omsorg, kan bruke de øremerkede midlene til hva de vil. Dette er en slags tredje vei.» Dette synest eg høyrest fornuftig ut.

Powered by Labrador CMS