Debatt
Attraktive startlån
Med finanskrisa aukar spurnaden etter startlån. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, kan ein seie.
Kommunane auka bruken av startlån med heile 17 prosent i fjor, viser ferske Husbanken-tal, som vi no kan presentere. Og inn i 2009 etterspør kommunane startlån meir enn nokon gong. Det skjer i takt med at dei private bankane er blitt meir restriktive med å gje lån. Husbanken har på si side fått styrka lånerammene gjennom regjeringa si krisepakke. Det skal ikkje stå på pengar, lovar Husbanken.
Ein kan spørre seg kvifor ikkje fleire enn 340 kommunar tilbyr startlån. Nokon få små treng det ikkje, men det spørs om ikkje fleire hadde vore på lista om kjennskapen til ordninga hadde vore betre. Og av dei som har tilbodet, er det slett ikkje alle som brukar ordninga like aktivt.
Ei undersøking Husbanken har gjort i Region Midt-Noreg konkluderer med at kjennskap til startlån er særs låg. Potensielle brukarar kjenner ikkje til ordninga. Undersøkinga viser at kommunane ikkje er gode til å marknadsføre lånet.
Det er synd at startlån har vore så lite kjent og at ikkje enda fleire har fått brukt denne ordninga før det vart krise.
Ein enkel måte å gjere ei god ordning kjent på i ei moderne verd, kunne vere å legge informasjon om startlån på kommunen sin nettstad. Det ville heller ikkje vere ein dum ide om kommunen gjekk til lokalavisa og fortalte om pengane som berre ventar på at nokon skal trenge dei.
Det har vore vekst i startlånordninga sidan 2003. Det er ingen grunn til at utviklinga av ein god sosial boligpolitikk skal stoppe når arbeidsløysa stig og fleire vert avvist av private bankar.
Om både kommunalminister og Husbanken er nøgd med at ordninga no når fleire, er det ingen grunn til at kommunane skal slappe av. Det er ikkje god informasjon det bør stå på - når midla er der.