Debatt
Ansvaret plassert
No har Høgsterett slått det fast. Det er kommunen som må stå til ansvar når ei heimehjelp stel frå ein eldre innbyggjar som ho eller han er sett til å hjelpe. Det spelar inga rolle om tjuveria skjer i arbeidstida eller ei. Kommunen må erstatte tjuveri som skjer etter at kommunen har gjeve folka sine tilgang til heimen til ein som er avhengig av hjelp. Om ikkje den som har stole, gjer opp for seg sjølv.
Kommunal Rapport har fulgt saka om Esther-Marie Wiig. Ho kjempa til sin daud mot Trondheim kommune, etter at ei kommunalt tilsett heimehjelp tappa bankkortet hennar og stal sølv frå henne. Både tingretten og lagmannsretten støtta kommunen i at den ikkje kunne lastast. No har ressurssterke etterlatne vunne fram i Høgsterett. Dette er ein viktig dom.
Her er Kommunal Rapport i takt med Høgsterett. Om ein ventar at friske vaksne skal ta ansvar for seg sjølv og sitt, kan ikkje kommunen vente at eldre pleietrengjande skal passe på eigedelane sine når kommunen slepp framande inn i heimen deira. Pårørande kan ein heller ikkje stille krav til om å halde full oversikt på vegne av sine eldre.
Kommunane må syte for rutiner som sikrar både dei som treng pleie og kommunen som ansvarleg instans. Då kan dei eldre framleis oppleve at det er best å bu heime. Samstundes er det også den gunstigaste løysinga for kommunen, økonomisk sett.
Det er verdt å merke seg at kommunen truleg kan forsikre seg mot erstatningsansvar som dette. Trondheim ser no på korleis det kan skje. Det same gjer KS Advokatene. Men den pleietrengjande vil nok ikkje finne innboforsikring som dekkjer det, om ein vert utsett for tjuveri frå personar med lovleg tilgang til bustaden.
Dette er blant mange gode grunnar til å minimalisere risikoen og ta ansvar, om ein tilsett som misbrukar tilliten ikkje får gjort opp for seg. Kommunen som den sterke part vil stå seg på ei slik haldning.