Nyheter

Ny rådmann i Rygge

Ivar Nævra (45) begynte som rådmann i Rygge 12. januar.

Publisert Sist oppdatert

- Kva driv du med no?

- Eg sit med høyringa til konsesjon for Rygge lufthavn. Det er eit tak på talet passasjerar der. Om det ikkje vert fjerna, kan det bli meir cargo. Vi ynskjer folk og liv. Og arbeidsplassar. Høyringa skal handsamas politisk i løpet av mars.

- Fredag var det ekstraordinært formannskap.

- Det er kluss rundt eit interkommunalt selskap. Politikarane er sterkt kritiske til styret si framferd når det gjeld oppkjøp av aksjar. Om dette skal vere eit koseleg intervju, vil eg helst ikkje gå meir inn på det. (Kravet frå eit einstemmig formannskap er at styret i vatn-, avløp- og renovasjonsselskapet MOVAR må gå etter at dei har gått inn med 9 millionar kroner i aksjekapital i selskapet Mosseporten Miljøenergi AS. Ikkje minst har det vakt reaksjonar at direktør Erling Berg i MOVAR er valgt til styreleiar i Mosseporten Miljøenergi AS og dermed vert sitjande på begge sider av bordet når det skal handlast, skriv Moss Avis.)

- Anslaget på minusmillionar for Rygge kommune i 2008 har variert den siste tida. Talet har vore både 8 og 10. Nøyaktig kor stort er underskotet?

- Eg antar at vi er ROBEK-kandidat i løpet av året. Kommunen har eit meirforbruk på 5-6 millionar etter at fondsavsetjingar er strokne. Det dreier seg om meirforbruk frå tidlegare år. Tjenestetilbodet har vore litt for godt i forhold til økonomien.

- Kva er så godt nok tjenestetilbod i 2009? Kor vil du foreslå å slanke?

- Vi har starta ein gjennomgang, vi ser på organisasjonen og satsar på å legge fram første delrapport i løpet av mars. Vi strammar inn linjene i organisasjonskartet og vil kutte årsverk på toppnivå. Vi treng enkle kommandolinjer og ein modell der vi kan klare oss med færre folk. Vi tenker både på å flytte folk og ha ein plan så vi kan nytte høvet når nokon går.

- Kva gler du deg mest over i den nye jobben?

- Eg gler meg over å ha fått eit godt leiarteam, hyggelege og flinke kolleger. Vi er viss på at vi skal få til noko saman.

- Kva slag leiar er du?

- Lyttande, men tydeleg når jeg meiner noko. Eg meiner mykje. Eg blir ikkje lei meg om eg får korreksjonar.

- Korkeis ynskjer du å bli huska som rådmann?

- For å seie det slik; ein kollega uttrykte det slik: Å bli elska er ikkje målet for ein rådmann, men å bli respektert er eit mål. Eg vil gjere hans ord til mine.

- Hvis du blei redaktør for eit nummer av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?

- Eg er veldig godt nøgd, eg syns avisa tek opp aktuelle tema. Det å jobbe i skjæringa mellom det politiske og det administrative med samfunnsspørsmål er utfordrande, og interessant å lese om. Ein rådmann kan ikkje ha som sitt pre at han skal spare pengar for eit kommunestyre. Det får kommunestyret gjere sjølv. Mange politikarar ynskjer så mykje, og så kjem det kritikk til rådmannen. Ein må hugse at det er ein samanheng mellom output og input. Eg har respekt for kommunestyret, dei skal seie ifrå om retning, men det må altså politikerne være klar over at kostar. Byråkratar skal legge fram gode grunnlag for å gjere vedtak. Dette trur eg vi skal minne kvarandre om.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Eg er mykje inne på nærområdet sine aviser, leser mykje nyhende generelt.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg har store ambisjonar om å halde kiloane vekk. Det er ein stor ambisjon når ein har ustabile arbeidstider. Eg joggar og går på ski. Eg liker elles godt å fiske. Det er blant dei store lidenskapane - året rundt.

- Du får velge kven du vil ha med på einmiddag for to. Kven velger du?

- Sidan vi no var i det maritime hjøret, tenker eg på Jarle Andøy, skipperen på «Berserk». Han er ein litt spesiell leiartype. Han har ein spesiell evne til å rekruttere. Det kan ha noko for seg å tore tenke utradisjonelt.

- Kva for ei bok vil du anbefale? Og kvifor?

- Eg er nett ferdig med biografien om Jens Christian Hauge. Den sier litt om tida vi har bak oss, og den seier noko om å ta leiargrep. På mange måtar er menneske som sauer; dei må ha noko leiing, dei treng nokon som kan vise retning og gå først.

Powered by Labrador CMS