Nyheter

Ny rådmann i Nes i Buskerud

Else Horge Asplin (43) starta som rådmann i Nes i Buskerud i mars.

Publisert Sist oppdatert

- Vil du ha bedømt hingsten din, er det berre å gå til rådmannen, skreiv avisa Hallingdølen nyleg. Korleis går det å kombinere rådmannsjobben med å vere bonde og dommar for både hest og sau?

- Det er ein god kombinasjon. Det er så ulike aktivitetar at når du gjer det eine så slappar du heilt av i høve til det andre. Det er godt med fysisk aktivitet før du skal tilbake til rådmannsstolen og skrivebordsarbeid. Og dømming skjer i helgene. Det fasinerande der er at du treff mykje folk, og du blir vant til å ta avgjersler på kort tid saman med ein annan.

- Kvifor vil du vere rådmann?

- Det er ein veldig spanande jobb. Den har eit vidt spekter, den engasjerer og angår jo alle. Og mitt fokus i Tine var leiing.

- Kva slag leiar er du?

- Eg er målretta, handlingsorientert og veldig oppteken av å ha ein ryddig og offensiv personalpolitikk.

- Kva er den største utfordringa for ein fersk rådmann?

- Det er to: 1. Eg kjem frå det private næringsliv, og har lite erfaring frå offentleg forvaltning. 2. Det er ei spanande utfordring at Nes har anstrengt økonomi.

- Ja, netto driftsresultat er i minus. Korleis ser du som ny rådmann på dette utgangspunktet?

- Det er litt slitsamt, men eg er sikker på at administrasjonen og politikarane saman skal klare å finne ei løysing på dette. Det er ei krevjande utfordring, men ho er ikkje umogleg. Vi må få ned vikarbruken innan pleie og omsorg og auke innteninga på tekniske tenester.

- Hvis du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport. Kva ville du prioritere?

- Eg er glad i det stoffet som bringer vidare dei gode ideane, dei gode historiene og det gode fagstoffet. Det er fint om avisa kan vere ein inspirator. Erfaringsflyt er bra. Stoff som gir lærdom er bra.

- Kva er favorittnettstadane dine?

- Når det er høyonn er det yr.no, elles les eg til dømes hallingdølen.no.

- Du har sjølv skrive lærebøker i husdyrfag og innføring i landbruk. Hva for ei bok vil du anbefale for dei som les dette intervjuet?

- “Taming our gremlin” av Rick Carson.

- Kven vil du invitere på ein middag for to?

- Den første eg tenkjer på er jo mannen min.

- Du sto på Senterpartiets liste ved sist kommuneval. Legg du politikken på hylla no?

- Ja, eg var listefyll. Men det er fint at du spør, så får eg høve til å svare. Det er slik at leiing og administrasjon ligg hjartet mitt så nære at det fell heilt naturleg å ha fokus der no.

- Blir det berre dyr på fritida da?

- Det blir mykje dyr og landbruk, ja. På hausten går det i jakt. Og så har eg bikkje; ein terrier.

Powered by Labrador CMS