Nyheter

Ny rådmann i Eidfjord

Aud Opheim Lygre (56), starta som rådmann i Eidfjord 1. juni.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Fordi det er ein veldig spennande jobb. Ein får bidra i viktige prosessar i lokalsamfunnet.

– Kor aktuelt er kommunesamanslåing for Eidfjord?

– Det er ikkje på dagsorden no, men eg reknar med det vil bli debatt når Hardangerbrua står ferdig i 2013. Eller om det kjem eit initiativ frå sentralt hald. No er det interkommunalt samarbeid på ulike vis som gjeld.

– Kva er den største utfordringa for deg og Eidfjord no?

– Folketalet. Vi har hatt ein liten auke dei siste fire åra, og må jobbe heile tida for å unngå tilbakegang.

– Korleis vil du legge an dette arbeidet?

– Med Hardangerbrua får vi ein større arbeidsmarknad og da trur eg på Eidfjord som bukommune. Vi har starta eit omdømeprosjekt – «1000 hjarte i brann» – og satsar på ambassadørar for kommunen. Prosjektleiaren og ordføraren har fått plass på omdømeskulen, og eg er aktivt med. Eg håper Flytt til Hardanger-kampanjen blir vidareført, og så er satsing på reiselivet viktig. 

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Ryddig og strukturet. Eg er løysingsorientert og opptatt av samarbeid.  Eg brukar mykje tid på å snakke med folk.

– Om du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere da?

– Eg har lese avisa eit par år, og er nøgd med variasjonen ho byr på. Gode døme er bra å vise fram – også frå små og mellomstore kommunar, i tillegg til dei store. 

– Eg ser du er med i gruppa Bevar Hardanger på Facebook. Kor langt kan du som rådmann gå i å engasjere deg i politiske saker?

– Hardangerkommunane står saman i denne saka, så det er nok stuereint å støtte akkurat dette. Men eg er passiv og har sett på gruppa som ein kanal med aktuell informasjon. Som rådmann er eg ein medviten brukar av Facebook, og forsiktig med gruppene der, men eg trur det er viktig å sjå og forstå mediet. Kommunen er og på Facebook, fordi det er ein viktig lyttepost og kommunikasjonskanal. Vi er ikkje gode, men vi prøver oss fram og er der til dømes med kinoinformasjon til store og små.

– Kva gjer du på fritida? På Facebook er du også med i ei Oslo-gruppe.

– Eg er glad i å reise, og tek gjerne ein weekend i Oslo. Da er det kjekt å få informasjon og tips om anna enn Karl Johan. Elles har vi hytte ved sjøen. Eg likar å gå tur.

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese?

– Den siste eg las var Roy Jacobsens «Vidunderbarn», «Havets katedral» av Ildefonso Falcones er også eit godt bilete frå si tid. Elles er skandinavisk krim bra til avkopling.

– Kven vil du invitere på ein middag for to?

– Eg trur eg landar på ektefellen, spesielt når han diskar opp med heimelaga lutefisk!

Powered by Labrador CMS