Nyheter

Fyller fritida med kulturminnevern

Omar Dajani (38), starta som rådmann i Nord-Aurdal 23. august.

Publisert Sist oppdatert

– Kvifor vil du vere rådmann?

– Eg har fagleg bakgrunn som passar, er generelt samfunnsengasjert og kjenner tilhøva i kommunen godt, ettersom eg vaks opp her. Eg har lyst til å jobbe breiare på det juridiske feltet, og i tillegg få arbeide med personal og økonomistyring.

– Korleis vil du takle personalbiten og økonomistyring utan erfaring på området?

– Eg må byggje på allmenn erfaring, interessa mi for folk og handtere folk skikkeleg. Faget mitt gir godt grunnlag for det.

– Kva er det nyttigaste du har med deg til topposisjonen?

– Grunnhaldningane som openheit, tillit og legitimitet, skriftleg framstillingsevne og analytisk innstilling. Og eg vil nok ha noko nytte av å ha EØS-rett som spesiale. 

– Kor aktuelt er samanslåing for Nord-Aurdal?

– Politikarane og folket i Nord-Aurdal vil ha samanslåing, mens andre kommunar i regionen vurderer det annleis. Uavhengig av situasjonen her, er det gode grunnar til å slå saman til robuste kommunar.

– Korleis vil du karakterisere deg sjølv som leiar?

– Open og tillitsskapande, grundig, analytisk og engasjert.

– Kva er di haldning til opne søkarlister til toppjobbar i kommunen?

– Eg er jurist, og etter offentleglova skal det mykje til å unndra slikt. Mi grunnhaldning er at søkjer du, så må du tåle at det blir kjent. Det er mogleg å finne ut mykje via konsulenten som arbeider med stillinga om kor du står før du søkjer. Offentleglova har gode omsyn bak seg, sjølv om eg har respekt for den enkelte sitt ønskje om konfidensialitet. 

– Om du blei redaktør for ei utgåve av Kommunal Rapport, kva ville du prioritere?

– Å spreie gode idear frå kommune til kommune. Eg les dette stoffet med stor interesse. Vi treng ikkje finne opp krutet sjølv alltid. Elles er det nyttig å få oversikt over persongalleriet i Kommune-Noreg via avisa.

– Kva gjer du på fritida?

– Vi er kulturverninteressert og renoverer dei gamle tømmerhusa på småbruket vårt, som vi kjøpte på eit skifte i slekta mi.

– Er du nevenyttig òg?

– Ja, eg er sjauar, målar og økonom heime. Vi er praktiske begge to. Elles går tida til familie, venner, trening og fjellturar. Det er fint å vere på stølen.

– Korleis får du arbeids- og privatliv til å balansere?

– Eg må delegere og ha tillit til at andre kan gjere oppgåvene sine. Eg meiner det skal gå bra, sjølv om det i starten må ein voldsam innsats til. Fyrste hausten no blir det ekstra lange arbeidsdagar, men så, når eg får ein årssyklus på meg, da veit eg det vil gå greiare. 

– Kva for ei bok vil du rå andre til å lese? Og kvifor?

– «Morgen i Jenin» av Susan Abulhawa. Det er veldig god skjønnlitteratur og gir ei anna og god forståing av Midtausten-konflikten. Den handlar om det verkeleg urettferdige i verda.

– Kven vil du invitere på ein middag for to?

– Kjell André, sambuaren min!

Powered by Labrador CMS