Nyheter
Varslar nye gravekrav
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) seier nei til forslaget om å legge kablar djupare i bakken.
Hausten 2008 vedtok Drammen kommune nye reglar for kor djupt ein må grave for å kunne legge kablar i kommunal veg. Dei nye reglane var inspirerte av eit forslag frå Vegdirektoratet om ny forskrift til veglova.
No kan Dagens Næringsliv fortelje at Kleppa set foten ned for den nye forskrifta. Vegdirektoratet må kome attende med eit forslag som gjer at ein ikkje må grave så djupt i bakken.
Årsaka til at Kleppa no stoppar forskriftsendringa, er at dei som leverer breiband nektar å leggje meir kablar i bakken, av di det vert for dyrt. Vegdirektoratet ønskjer at ein både skal grave breiare og djupare enn før – minst tre meter bredt og 80 centimeter djupt. Breibandbransjen hevdar at utbyggingskostnadane vert tredobla ved å måtte grave så mykje for å legge kabel.
– Det viktigaste er at det ikkje vert eit pålegg om å grave så djupt, seier Kleppa til avisa.
Målet med den nye forskrifta er at det skal vere dei same reglane, uansett kva for offentleg forvaltningsnivå som eig vegen. Det målet ligg fast, ifølgje samferdsleministeren.