Nyheter

@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien
@fylkespolitikar skriv annankvar fredag for Kommunal Rapport. Illustrasjon: Terje Lien

Regionreform

Eit sterkt regionalt folkevald nivå er løysinga

Publisert Sist oppdatert

Det offentlege sine ambisjonar om å løyse komplekse, gjenstridige problem i sektorovergripande oppgåver slik som klimatilpasning, folkehelse, fråfall i vidaregåande skule og lavutslippssamfunnet må løysast med samordna innsats i ei vertikalt organisert sektorforvaltning og krev tverrsektorielt samarbeid og nettverk på tvers av forvaltingsnivå. Det er naudsynt at nokon tar ein kommuneoverskridane samfunnsutviklarrolle sterkere enn i dag, i ei heilheitleg bo-areal og transportutvikling. Dette må sjåast i samanheng med heilheitleg satsing på innovasjon og vekstkaft, noko som igjen bygger på heilheitleg tenkjing rundt sysseletting, busetting og folkehelse. Dette melder NIBR i ein rapport berre enkelte fylkespolitikarar har lese. 

Eit sterkt regionalt folkevald nivå er løysinga 

På alt kommunereforma ikkje kan løyse

Eit sterkt regionalt folkevald nivå er løysinga 

Når samordningsbehova vert stadig større. 

når new public management har pressa oss ut i ytterlegare spesialisering og fragmentering av verkemiddelapparatet

i ei rekke overlappande oppgåver

i mangel  på harmonisering av lovverk

i auka geografisk kompleksitet

Den regionale staten har ei inndeling som er rasjonell 

for kvar enkelt eining

Dei aggregerte samordningsutfordringane 

på tvers av den regionale staten er utan ende

Ein regional samfunnsutviklarrolle krev heilheitstenking på tvers av kommunegrenser, sektorpolitikk og forvaltingsnivå 

Men det er ein fragmentert offentleg sektor som sit med verkemiddela 

Her er  potensial for eit nytt regionalt folkevalgt nivå til å 

ta ein del av oppgåvene frå den regionale staten

ta meir samordningsansvar for å koordinere den regionale staten

Alt avheng av

At nokon har eit regionalt blikk utan å miste den lokale kjennskapen

At den lokale kjennskapen ikkje øydelegg for det regionale blikket

At ein går fra sektortenking til heilheitstenking og tør å ta styring

Det viktigste med regionreforma er å bli større

Enn Oslo

Powered by Labrador CMS