Nyheter

Lokalsamfunnsoppdraget

I mange lokal- og regionaviser ser lokalpatriotisme ut til å vere den rådande ideologien. Dette er problematisk, fordi det ofte kolliderer med klassiske journalistiske ideal om å vere kritisk og uavhengig.

GJESTEKOMMENTAR: Landslaget for lokalaviser har slagordet «lim og lupe». Det oppsumerer presist den delte målsetjinga i dei fleste norske lokal- og regionavisene. Spørsmålet er om avisene faktisk fungerer slik.

I festtalane om samfunnsoppdraget - m.a. når ein skal forsvare pressestøtte og grunngi sin eksistensrett - er det «lupe»-funksjonen som blir framheva. Avisene trengst som lokalkjende vaktbikkjer som kan halde styringskåte lokalpolitikarar og geskjeftige næringslivsfolk i øyrene, blir det hevda.

Men redaktørane veit godt at «lim»-funksjonen også er svært viktig for lesarane. Lokalavisa er den viktigaste arenaen for det lokale ordskiftet, det er her nesten kven som helst slepp til med lesarinnlegg, her er bilete og omtale av fødde, døde og åremålsjubilantar, her er rikt illustrerte referat frå vellykka revyar, konsertar og idrettsarrangement. Det er her folk finn sakene om sitt eige nærmiljø, det er her den lokale identiteten blir dyrka og framheva.

Kva så? Er det eit problem at lokalavisene er patriotiske og prega av dei nære ting? Dei svenske medieforskarane Gunnar Nygren og Lars Nord meiner det. I ei oppsummering etter valkampen i Sverige hausten 2006 hevdar dei at lokalavisene der «drikk te med makta», og at det journalistiske truverdet står i fare når lokalavisa blir eit organ for staden. Den snille lokaljournalistikken er dårleg rusta til å svare på dei vanskelege spørsmåla, hevdar dei, og dei kallar slik avisdrift ikkje mindre enn eit forræderi mot det lokale demokratiet.

Nygren og Nord brukar sterke ord, men dei har eit poeng som er verd å diskutere: Også i mange norske lokalsamfunn er det tette band mellom makta og lokalavisredaksjonane. Redaktørar, journalistar, politikarar, kommunetoppar og næringslivstoppar kjenner kvarandre godt. Ein ser og snakkar med kvarandre fleire gonger i veka, ein er saman på dugnadar, foreldrefestar og korøvingar, og ein er kanskje medlem i same Rotary-klubb. Det blir forventa at avisa skal støtte opp om det som skjer i bygda eller byen, og terskelen er låg for å gi avisa kjeft for det som blir oppfatta som kritiske oppslag, særleg om lokalt næringsliv og kulturliv.

Ein må ha brei kontaktflate og gode sosiale antenner for å drive lokalavis i Norge. Men sterk ryggrad og tjukk hud trengst også, og spørsmålet er om norske lokalaviser er for forsiktige og redde for å trakke folk på tærne.

Eller sagt på ein annan måte: Finn redaktørane i dagens region- og lokalaviser den rette balansegangen mellom limstoff og lupestoff? Brukar dei for mykje ressursar og spalteplass på amatørrevyar og butikkopningar og for lite på å sjekke det som står med lita skrift i kommunale sakspapir og å lese mellom linjene i bedriftene sine årsmeldingar?

Lokal- og regionavisene spelar ei viktig rolle i lokaldemokratiet som talerør for sitt lokalsamfunn eller distrikt. Men også i dei små avisene må redaktørane heve blikket og vere opne for andre måtar å sjå sakene på enn den nærsynt lokalpatriotiske. Det bør vere skilnad i dekkinga av viktige og mindre viktige saker, og avisa skal av og ta rolla som djevelens advokat med tilhøyrande ekle spørsmål. Dette er den viktigaste delen av lokalsamfunnsoppdraget.

Det lov å vere patriot, men dei journalistiske ideala om kritisk, uavhengig journalistikk bør vere overordna, uansett opplagstal og dekningsområde.

Skrevet av: Torgeir Dimmen

Powered by Labrador CMS