Nyheter

Krev systematisk jobbing ikkje visjonære slagord

Kommunar som har snudd flyttestraumen, jobbar systematisk over lang tid, ifølge direktør Halvor Holmli ved Distriktssenteret.

- Heile kommunen må ta tak saman og rette innsatsen mot både næringslivet og befolkninga, seier Holmli.

Distriktssenteret har analysert over 100 utviklingsprosjekt landet rundt for å avdekkje suksesskriterier for tilflytting og folkeauke. Dei har funne at god kommuneøkonomi ikkje er eit krav for å skape vekst, men at frie midlar gjer jobben enklare.

- Dei som har greidd å få folk til å flytte inn, har skjønt seg på å tenkje heilskapleg om utvikling, seier Holmli, og syner til Vågå, Lovund i Lurøy og Rørvik i Vikna.

- Dei har jobba systematisk, for tilflytting handlar ikkje om visjonære slagord, seier Holmli.

Han syner vidare til Valdres-kommunane Vang, Øystre og Vestre Slidre, Etnedal og Nord- og Sør-Aurdal, som har laga utviklingsplanen sin fram til 2017.

- Ein må tenkje nokså langsiktig, seier Holmli.

Distriktssenteret og forskarmiljøa veit enno lite om kva som sett i gang snuoperasjonane i kommunane. Men Holmli reknar det som sikkert at ildsjeler er påkrevd, anten det er ordførar, politikarar, rådmann eller leiarar for lokale organisasjonar som peikar ut retninga.

På landsplan fekk 278 kommunar auka folketal i 2009, medan 202 kommunar vaks i 2006. Av dei var 83 kommunar i den minst sentrale kategorien, mot 43 i 2006. For første gong på elleve år hadde dei grisgrendte stroka av landet ei samla auke i folketalet.

Halvor Holmli syner til at veksten i frie midlar til kommunane har verka, saman med ei lang rekkje tiltak frå ni departement dei siste fire åra.

- Me kan no byrja å trekkje vekslar på gjennomførte utviklingsprosjekt og leggje til grunn faktiske røynsler i den vidare utviklinga, seier Holmli.

Powered by Labrador CMS