Nyheter
Kartlegg alle heimflyttingprosjekt
På oppdrag frå Kommunaldepartementet kartlegg Rambøll Management alle tilflyttingprosjekt i norske kommunar.
Målet er å identifisere god praksis i distriktskommunar som arbeider med å få tilflyttarar til å bli verande og trivast i kommunen.
Fire av prosjekta er trekt ut til djupstudie, basert på spesielle initiativ og verkemiddel som kan gi tips til andre kommunar som slit med å snu ei negativ befolkningsutvikling.
Gjertrud Stavseng leiar utgreiinga.
- Vi valt å dra til kommunane i Fjellregionen, til Hjelmeland og Verdal og til eit prosjekt i regi av Lofoten næringshage og Nordland fylkeskommune. Det siste har særleg vekt på kvinnelege innvandrarar, fortel Stavseng.
Dei andre kommunane rettar innsatsen mot norske tilflyttarar, arbeidsinnvandrarar og flyktningar.
- Målet er å studere eit breitt spekter av ulike verkemiddel som har overføringsverdi til andre distriktskommunar, seier Stavseng.
Arbeidet starta i august i år og skal ende i ein rapport allereie i november.