Nyheter
Gjenreiste fjellstova
BYKLE: Sivilagronom Ragnhild Bjåen fekk nok av bylivet. Ho flytta heim til Bjåen, der ho ville skape sin eigen arbeidsplass.
I 900 meters høgde, langs stamvegen mellom Hovden og Haukeligrend, ligg Bjåen Fjellstove. Den gamle bygninga var ein gong eit hotell som sto på Børte i Telemark. På 1930-talet kjøpte bestefaren til Ragnhild Bjåen huset, tok det ned og køyrde det over fjellet. Der vart bygninga gjenreist planke for planke og nytta som kombinert fjellgard og losji til fram på 1980-talet.
Sidan har fjellstova venta mens Ragnhild gjekk på universitet og jobba på jordbruksskulen på Voss. For to år sidan fekk ho nok av byliv og kom attende til Bjåen med ein stor plan.
- Eg ville skipa min eigen arbeidsplass, med grøne verdiar, tradisjon og kultur, fortel den unge vertinna.
- Mest pengar er det å tene på overnattingsgjestar, men eg vil jo gjerne lage mat frå garden og drive kafé med vaflar, rjomegraut og spekemat.
Ho meiner kommunen har spela ei viktig rolle for henne og andre ungdomar som har kome heim til bygda for å lage seg eit utkome.
- Eg trong å bli bakka opp og få støtte, og kommunen har stilt opp så godt dei har kunna.
Bykle har mellom anna gitt ho SMIL-midlar, som står for spesielle miljøtiltak i landbruket, i samband med rydding av kulturlandskapet rundt fjellstova. Den eine kua på garden gir også noko støtte til melkeproduksjon.
- Eg har enno ikkje tilsette, men eg vonar at det vert rom for eit par etter kvart, seier fjellstovevertinna.