Nyheter

Stord nummer 50 i Robek

Kommunaldepartementet har sett Stord opp på svartelista, etter at Hordaland-kommunen i fjor ikkje klarte å kvitte seg med udekka beløp frå 2008.

Publisert Sist oppdatert

Sidan det tek meir enn to år å sanere beløpet på 12,8 millionar kroner, må kommunen setjast under statleg kontroll.

Stord gjekk ut av Register om betinget godkjenning og kontroll i 2007, etter å ha vore inne i lengre tid. Fridomen varte dermed berre fire år.

For å gjere saka enno vanskelegare, syner rekneskapen for 2010 eit stort underskot. Samla udekka beløp i rekneskapen er no 26,5 millionar kroner.

Fylkesmannen i Hordaland meiner òg at budsjettet for 2011 kan vere urealistisk, sidan skatteinntektene er rekna til å bli 5 millionar kroner høgare enn kva KS-modellen syner. Kommunen har òg budsjettert med for låge avdrag, konkluderar Fylkesmannen.

– Kommunen bør i samband med budsjettrevisjon auke underskotsinndekninga allereie i år, skriv Fylkesmannen i eit brev til kommunen.

Powered by Labrador CMS