Nyheter

Steinkrossane i Askvoll

På grøn botn i sølv ein utskrådd gjennombora kross, er forklaringa på Askvoll sitt kommunevåpen.

Askvoll kommune fekk godkjent våpenet i 1990, 5 år etter eit samrøystes vedtak i kommunestyret.

Bakgrunn for motivet er dei gamle steinkrossane som står fleire plassar i kommunen, med krossen i Korssund som det høgste. Men steinkrossen vart, etter ei kommuneregulering i 1990, liggande i Fjaler.

Den nær fire meter høge krossen med spor etter runar er den største keltiske steinkrossen i Noreg. Soga seier at i området her vart Olav den heilage jaga av fiendar når han dreiv og kristna landet. Han segla rett på berget, det opna seg for han og det vart eit smalt sund. Då bøygde folk seg for den nye guden (og tilfeldigvis også for kongen…) og det vart sett opp ein stor kross og døypefont, som den dag i dag står på ei høgde over Korssundet. 

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS