Nyheter
Kommunane vart likare i fjor
Færre kommunar er fattige, skal vi tru nye tal.
Medan det i 2008 var heile 131 kommunar som låg meir enn 5 prosent under snittet i korrigert inntekt, var det i fjor 100 slike fattigkommunar, syner tabellen for korrigert inntekt i kommuneproposisjonen.
Aurskog-Høland var i fjor den einaste kommunen som hadde ei korrigert inntekt som låg meir enn 10 prosent under snittet. Lokalpolitikarane i kommunen har 89 kroner til å drive eit tilbod som eigentleg kostar 100 kroner.
Kommunaldepartementet set saman frie inntekter med kor dyrt det er å gje eit standard tilbod i kommunen, basert på kostnadsnøklane i inntektssystemet. Ein kommune med låge inntekter som samstundes er rimeleg i drift, har høgare korrigert inntekt enn ein nabo med dei same inntektene og dyrare innbyggarar, sosiale høve eller geografi.
Må drive meir effektivt
Litt forenkla skal kommunar som ligg over snittet i korrigert inntekt ha høve til å gje eit betre tilbod enn dei som ligg under snittet. Dei med låg korrigert inntekt må enten drive meir effektivt enn andre, eller ha lågare omfang eller kvalitet på nokre tenester.
Det vart samstundes fleire rikingar blant kommunane. I 2008 hadde 82 kommunar meir enn 20 prosent høgare korrigert inntekt enn snittet. I fjor auka talet til 91.
Bykle, Modalen og Eidfjord er som vanleg dei suverene krøsusane, men dei har alle vorte mykje mindre rike samanlikna med dei andre kommunane i landet. Medan Bykle i 2008 hadde 387 prosent av korrigert inntekt til ein snittkommune, gjekk dette ned til 333 prosent i fjor.
Utsira blant dei nyrike
Dei kommunane som utvikla seg best i fjor er Utsira og Aukra. Utsira nyt godt av somme tekniske endringar, medan Aukra no byrjer å få store inntekter frå eigedomsskatt.
Terra-kommunane Vik, Bremanger og Hattfjelldal er nokre av dei som har auka korrigert inntekt kraftig i 2009.
Kommunar med høgast korrigert inntekt
Eigedomsskatt og konsesjonskraft er med i tala. Snitt = 100.
Kommune 2009 Endring frå 2008
0941 Bykle 333 -54
1252 Modalen 285 -18
1232 Eidfjord 280 -28
1151 Utsira 279 +99
1046 Sirdal 243 -9
1547 Aukra 213 +40
1421 Aurland 204 -9
1129 Forsand 199 -1
1665 Tydal 198 +13
1026Åseral 191 -8
Kommunar med lågast korrigert inntekt
Eigedomsskatt og konsesjonskraft er med i tala. Snitt = 100.
Kommune 2009 Endring frå 2008
0221 Aurskog-Høland 89 0
0128 Rakkestad 90 +1
1002 Mandal 90 +1
0701 Horten 90 +2
1657 Skaun 90 +2
0236 Nes 90 +1
0711 Svelvik 90 +1
1032 Lyngdal 90 +1
1663 Malvik 90 +1
0914 Tvedestrand 90 +1