Nyheter

Fylkesmann stør Lærdal-rådmann

Før jul var det sterk strid mellom ordførar og rådmann i Lærdal kommune. Årsaka var at det i handsaminga av budsjettet vart lagt fram fleire forslag frå politisk hald, som rådmannen meinte ikkje var kvalitetssikra godt nok. Striden toppa seg då ordføraren bad rådmannen om å gå av.

Publisert Sist oppdatert

I februar tok Fylkesmannen opp budsjettet til vurdering. Konklusjonen er at staten ikkje kan godkjenne det politiske vedtaket, av di investeringsbudsjettet ikkje er i såkalla balanse – det er ikkje funne pengar til alt som er vedteke.

Lærdal har mellom anna budsjettert med å nytte 2,3 millionar kroner meir i momskompensasjon enn det kommunen kan gjere. Det er heller ikkje rekna med pengar til innskot av eigenkapital i KLP.

I tillegg kritiserer Fylkesmannen kommunen for ikkje å la konsekvensane av investeringane kome tydelegare fram i driftsbudsjettet.

Fylkesmannen pålegg kommunen å lage eit nytt 2010-budsjett no, og oppfordrar samstundes til at lokalpolitikarane òg å handsame økonomiplanen på nytt.

Powered by Labrador CMS