Mangeårig rådmann og kommunedirektør Ole John Østenstad blei takka av i sitt siste kommunestyremøte i Sunnfjord med å få tildelt KS' heidersmedalje av ordførar Jenny Følling (Sp).

Mangeårig rådmann og kommunedirektør Ole John Østenstad blei takka av i sitt siste kommunestyremøte i Sunnfjord med å få tildelt KS' heidersmedalje av ordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Trond Ueland

Heidra etter 34 år i toppjobb

Eit godt ekteskap mellom politikk og administrasjon er litt av oppskrifta for å halde ut i 34 år som toppleiar i same kommune, meiner Ole John Østenstad i Sunnfjord. 

34 år som assisterande rådmann og rådmann, landets første kommunedirektør, nominert til Årets kommuneprofil 2018 og prosjektrådmann for samanslåing av fire kommunar.

Ole John Østenstad i Sunnfjord har ei lang kommunekarriere å sjå tilbake på når han no skal vie meir tid til barnebarn og småbruk. Men nokre enkeltprosjekt innan utbygging og næring skal han også få tid til. På pensjonistvilkår.