Nyheter
Ordførarar til kamp mot bjørn
Åtte ordførarar i Sør-Trøndelag krev at minst tre bjørnar må skytast i fylket, ikkje berre ein.
Direktoratet for naturforvaltning (DN) avgjorde tidligere i veka at det skal fellast ein bjørn i Sør-Trøndelag. Det meiner ordførarane er for lite.
- Det er heilt meiningslaust. Vi skjønnar at det skal være ei rovdyrstamme, men det skal ikkje være så mange bjørnar i området her, seier ordførar Inga Balstad i Selbu (Andre), til NRK Trøndelag.
Saman med ordførarane i Klæbu, Tydal, Røros, Rennebu, Holtålen og Midtre Gauldal vil ho freiste å få gjort om vedtaket til DN.
- Når det forsvinn mellom 30-50 dyr frå ein saueeigar, er det alvorleg. Sauenæringa står i fare for å bli lagt ned, og det gjeld ikkje berre i Selbu, men også grenseområda som er like hardt råka, seier Balstad.
Direktoratet viser til at måla om fire bjørneynglingar kvart år ikkje er nådd.