Nyheter

Har lært seg å leve med skredfaren

Fire gonger denne vinteren har bygda Veitastrond i Luster vore isolert frå resten av verda på grunn av snøskred. Dei 120 innbyggarane har lært seg å leve med rasfaren.

For omlag 10 år sidan gjekk fylket, kommunen og bygdelaget saman i eit spleiselag og kjøpte ein luftputebåt som fraktar skuleborn og pendlarar forbi rasstadane og fram til der dei har bilane parkert. Men båten kan ikkje frakte kraftfôr til bøndene eller ta med mjølka som skulle vore levert frå jordbruksbygda.

- Men folk i Veitastrond har lært seg å leve med rasfaren. Om dei ikkje kjem fram dit dei skal den eine dagen, så ventar dei til neste dag, fortel ordførar Torodd Urnes til Kommunal Rapport.

Bygda har barneskule. Dei fire-fem ungdomsskuleelevane frå bygda blir frakta med skulebuss til kommunesenteret når vegen er åpen. Om vegen er stengd på grunn av snøras, står luftputebåten klar til å frakte folk.

Kvar vinter går det ras langs denne vegen vinterstid. På sommaren kan ein oppleve steinsprang. Eit 100 meter breitt jord- og steinras stengde vegen inn til bygda i 2005.

- Det er spesielt mykje snø i år. Og rasa er store. Høgare temperatur og austavind har gjort vegen spesielt utsett i år. Det siste, store raset gjekk på ein plass vi ikkje trudde det skulle kome. Ingen hus er skadde av rasa, men ein familie har flytta ut av huset sitt fram til staden er sikker att.

I periodar av vinteren er den smale fylkesvegen inn til Veitastrond nattestengd.

- Folk ser på vêret og forstår når det er farleg å bruke vegen. Vi har dessuten ein erfaren brøytar som «kan» vegen, fortel Urnes.

Skrevet av: Britt Glosvik

Powered by Labrador CMS