Varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i Ålesund kjempar for at Haram, der han var ordførar då dette bildet blei tatt, skal oppstå igjen. Men tida for å greie ut saka er knapp.
Arkivfoto: Terje LienDenne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kritikkverdig prosess for oppløysing
Det er sett av for lite tid og ressursar til å få ein grundig prosess om oppløysing av tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar.
Einingar som ønsker å reversere dei omstridde vedtaka, må sende søknad om oppløysing til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) innan 1. mars.
Tidslina tar ikkje høgde for kor kompleks saka er.