Debatt

Ja, det handlar om respekt

Skulesaka i Innlandet og kampen for vidaregåande skule i Lom, handlar om respekt – for eit stort engasjement, ei skaparevne i næringslivet og for menneskerettane.

Søknaden om privatskule i Lom oppfyller alle kriteria i lovverket, skriv Skjåk-ordføraren. På bildet styreleiar Hanna Flækøy Skjåkødegård då skulen vart opna.
Publisert

Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning

TAFI (Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet, red.mrk.), næringslivet og samfunnsengasjementet i Nord-Gudbrandsdalen har vist at det er ei kraft og eit stort potensial i næringslivet i regionen.

Dette vil styra i Ringebu Ap, Nord Fron Ap, Sel Ap, Lesja Ap, Dovre Ap, Ringebu Høgre, Nord Fron Høgre, Dovre Høgre og Lesja Høgre til livs?

Det er næringslivet og lokale ressursar som i all hovudsak står bak Jotunheimen privatistskule, med støtte frå Vågå, Lom og Skjåk kommunar.

Søknaden som privatskule oppfyller alle kriteria i lovverket, og det er ein særs kompetent lærarstab som legg grunnlaget for ein god skulekvardag i Lom.

Vi har ungdommar som dessverre ikkje får oppfylt sine rettar til vidaregåande opplæring etter at skulestrukturen vart vedteke.

Til og med anleggsline har dei klart å etablere, som den fyrste i Gudbrandsdalen. Ypparleg!

Uavhengig av demografi og geografi, har vi andre privatskular i Nord-Gudbrandsdalen, Hjerleid handverksskule. Privatskulen er eit resultat av fylkeskommunalt skulevedtak frå over 20 år sidan.

Det har vore ein lang og hard kamp for Hjerleid, men dei har bevist at skulen er liv laga. Eg har heldigvis ikkje registrert at det er partigrupper som har motarbeida eller gått i vedtak mot Hjerleid. Ypparleg!

Vi har ungdommar som dessverre ikkje får oppfylt sine rettar til vidaregåande opplæring etter at skulestrukturen vart vedteke. Det er elevar som har søkt på særskilde vilkår, og ikkje har helse til å pendle frå Skjåk til Otta kvar dag.

Dette var det åtvara om i høyringsinnspela, men vart ikkje vektlagt. Eller som fylkesordføraren uttrykte det, høyringsinnspela var irrelevante.

Forbundsleiaren i Norsk forbund for utviklingshemma, Tom Tvedt, viste ikkje desse elevane merksemd og respekt i skulesaka. Nå er han ute mot Nordre Land kommune og viser til menneskerettane når leigetakarar må flytte til anna adresse i same kommune.

Kva da med dei elevane som ikkje får vidaregåande skuletilbod, og ikkje får fagleg tilråding før eleven møter opp på Otta, og eleven ikkje klarar den skulevegen? Kva med rett til vidaregåande skule da?

For ordens skyld må det nemnast at elevane fekk skuleplass på Otta, men dei som ikkje kan møte der, har framleis ikkje tilbod frå fylkeskommunen. 

To av elevane har skulekvardagen sin på Jotunheimen privatistskule, og har ifølgje foreldre, eit godt tilbod og ein god skulekvardag.

Som den eine faren seier, vi har nok med kvardagen, vi orkar ikkje å stå på barrikadane, men er svært takksame for det tilbodet Jotunheimen privatistskule gir dei i Lom.

Privatskular med godkjenning etter regelverket får statstilskot til godkjent opplæring med 85 prosent av eit tilskotsgrunnlag per elev.

Begge desse skulane har potensial til å tiltrekke seg elevar utanom regionen. Og begge skulestadane viser at det er kvalitet og ressursar i Nord-Gudbrandsdalen som region. Ypparleg!

Powered by Labrador CMS