Vi treng kvar kommunepolitikar, kvar ordførar, rådmann og kvar planstab for å sikre den tversgåande «fornufta», skriv Nils Aarsæther. Illustrasjonsfoto: Ole Morgen Melgård

Vi treng mange folkevalde – og rådmenn

Debatt. Det blir eit blindspor å tilrå samanslåingar for å motverke «overadministrasjon». Vi treng dei mange kommunane for å sikre overordna – ofte amatørstyrt og lokalbasert – fornuft.
11.2 2019 08:49
Byråkrati-problemet er der, men kritikken må rettast mot dei systema som er med på å generere det.

Bjørn Gudbjørgsrud, rådmann i Hamar, har nokre interessante betraktningar omkring «overadministrasjon» i Kommunal Rapport nr. 2. Han peiker på at vi har eit «byråkrati i vekst», trass i omfattande samanslåingar i kommunal sektor.

Men er det kommunesektoren som er problemet? Ein viktig drivar bak auken i administrativt tilsette – og fagpersonale –startar truleg med ny lovgiving, der Stortinget svarer på krav om reguleringar ut frå behov som eigentleg få eller ingen er ueinige i.

Ønsker vi meir fokus på mobbing, familiepolitikk, artsmangfald, skredsikring og skatteunndraging, må vi faktisk ha fagfolk som er stadig meir spesialiserte. Og dei må regulere ut frå eit lovverk som eser ut, både fordi folk vil ha innsats basert på reguleringar, men kanskje først og fremst fordi EU påfører Norge (og vi godtar det heilt frivillig gjennom EØS) stadig fleire og meir detaljerte reglar, antakeleg ut frå eit ønske om å løyse problem som har oppstått på det europeiske kontinentet.

I den grad stoda er slik, må vi forvente framleis vekst i byråkratsjiktet. Det som då vil bli eit tiltakande samfunnsproblem, er at mange av dei framtidige byråkratane vil vere svært spesialiserte. Stadig fleire vil ha doktorgrad innanfor sitt spesialfelt, men trass i høgt kunnskapsnivå vil dei vere lite i stand til å gjere gode vurderingar utanfor sitt snevre fagområde.

Då skal vi vere (sjele)glade for at vi har kommunar, styrt av engasjerte folkevalde og av rådmenn og planleggarar med evne til å sjå på tvers. Frå ein kommunal synsstad kan ein også ha ein plattform for å kritisere og treffe mottiltak mot det spesialiserte fagstyret, utan å bli mistenkt for å mele si eiga (spesial)kake.

Derfor treng vi kvar kommunepolitikar – dei 10.000 her til lands – kvar ordførar, rådmann og kvar planstab – nettopp for å sikre den tversgåande «fornufta» – samtidig som vi må erkjenne at fagspesialistar er nødvendige på sine mange, respektive område. Det blir på denne måten eit blindspor å tilrå samanslåingar som vil redusere moglegheita for å utøve overordna (ofte amatørmessig og lokalbasert) fornuft.

I Danmark, eit «føregangsland» på kommunesamanslåingar, har dei greidd å redusere talet på folkevalde til litt over 2.000.

Nasjonale og internasjonale statistikkar viser at det slett ikkje går så verst her i landet, trass i den vedvarande klagesongen over at vi (velgasjerte og topputdanna) byfolk må «slite» med det som omgir oss av små kommunar, store areal, store avstandar og hissige forsvararar av det lokale demokratiet.

Poenget mitt er altså at ja, byråkratiproblemet er der, men kritikken må rettast mot dei systema som er med på å generere det.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.