Nyheter

Røykeforbod i Balestrand

Frå nyttår blir det forbode for tilsette i Balestrand kommune å røyke i arbeidstida. Det vedtok administrasjonsutvalget fredag.

Publisert Sist oppdatert

- Eit framtidsretta vedtak, seier ordfører Einar Målsnes (H) i Balestrand til NRK Sogn og Fjordane.

Berre hovudtillitsvalt Bjørg Langeteig fra Fagforbundet røysta i mot røykeforbodet. Forslaget frå rådmann Vidar Roseth har vekt sterke reaksjonar hos dei tilsette, sjølv om han seier at det ikkje innehold noko moralisering eller nedvurdering av tilsette som røykjer.

- Folk treng pause når dei er på jobb. Om dei går ut og tek seg ein røyk, eller om dei sit på kontoret og kikar ut i lufta, bør vere det same for arbeidsgjevar, sier Billy Fredagsvik til NRK Sogn og Fjordane.

Powered by Labrador CMS