Ordførar Jon Rikard Kleven byr på både oppover- og nedoverbakkar langs idylliske vatn i Vinje.
Ordførar Jon Rikard Kleven byr på både oppover- og nedoverbakkar langs idylliske vatn i Vinje.Foto: Privat
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Ein komplett kommune med kaldt badevatn

Sykling, kajakkpadling og bading er nokre av aktivitetane ordførar Jon Rikard Kleven (Sp) meiner besøkande bør få med seg i Vinje. Og kanskje får dei auge på bever og røyskatt også.

– Nemn tre grunnar til at vi skal legge ferieturen til Vinje.

– Sykkelrunden Åmot – Øyfjell – Rauland – Åmot. Denne runden har det meste, alt frå bratte klatringar og svingete og idyllisk veg over Fiskestigen, til lengre strekk med god asfalt, og ikkje minst hissige utforkøyringar. Padle kajakk og bade i Vinjevatn. Vatnet er veldig idyllisk, og eignar seg godt for kajakk- og kanopadling. Det er mogleg å sjå alt frå elg til bever og mindre dyr som røyskatt. Vinjevatn er stort sett ganske kaldt sjølv i dei varmaste sommarmånadane. Nesten heilt oppe i vestenden er det ei lang sandstrand som heiter Sannes, der det er veldig fint å bade. Gå på Vehuskjerringa, 1.356 m.o.h. Toppen er eit relativt greitt turmål med joggesko eller fjellstøvlar.