Voss herad vant prisen for Årets nynorskkommune 2020. Juryen vil i år sjå positivt på kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for å skaffe elevane nynorske læremiddel.
Voss herad vant prisen for Årets nynorskkommune 2020. Juryen vil i år sjå positivt på kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for å skaffe elevane nynorske læremiddel.Foto: John Erik Bøe Lindgren / Språkrådet
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

100.000 kroner til beste nynorskkommune

– Har din kommune vore ekstra god på nynorsk i år? Då kan kommunen vinne 100.000 kroner.

Nyttar din kommune nynorsk i kommunale planar, i kommunikasjonsarbeid og i kulturarbeid, og har kommunen eigne retningsliner for nynorskbruk?

Om svara er ja på desse spørsmåla, og om kommunen i tillegg set inn tidleg nynorskinnsats i skular og barnehagar, nyttar nynorsk i opplæring av innvandrarar og flyktningar, og har tiltak som fremjar nynorsk i næringslivet i kommunen – ja, då bør kommunen vere med i kampen om å bli Årets nynorskkommune 2021.