Urbaniseringa er eit globalt fenomen som vil vare ved, men akkurat i dag opnar det seg eit vindauge for distrikta, skriv Nils Aarsæther og Geir Bye.

Urbaniseringa er eit globalt fenomen som vil vare ved, men akkurat i dag opnar det seg eit vindauge for distrikta, skriv Nils Aarsæther og Geir Bye.

Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Post-korona: Ei opning for distriktskommunane?

Det står slett ikkje dårleg til med næringsarbeidet lokalt.

Rett før koronaviruset slo til, i februar 2020, gjennomførte NORCE Samfunn på oppdrag av Distriktssenteret ei kartlegging av norske distriktskommunar sitt arbeid med næringsutvikling.

Distriktskommunane er vane med å takle store omstillingar.

Svara frå 115 kommunar (svarprosent på 66) har gitt oss eit svært interessant bilde av dagens praksis – og dermed av dagens beredskap – for næringsutvikling i dei mest utsette områda av landet.

Kan vi, på bakgrunn av denne undersøkinga, seie noko om utsiktene til distriktsnæringslivet i kjølvatnet av nye, koronapåførde problem, særleg innanfor reiselivsnæringa?

Lat oss først konstatere at det slett ikkje står dårleg til med næringsarbeidet lokalt. Vi meiner langt på veg å kunne avlive myten om den einslege næringsansvarlege, plassert for seg sjølv på eit kontor i ein kommune som først og fremst bryr seg om offentlege tenester.

Ordføraren deltar aktivt

Kartlegginga har vist at også ordføraren deltar aktivt, at kommunedirektøren så godt som alltid er med (likevel i avgrensa grad), og at fagpersonale frå landbrukskontor, teknisk sektor og planlegging bidrar i næringsarbeidet når deira kompetanse er etterspurd.

Og vegen er ikkje lang, verken til næraste næringshage, fylkeskommune og Innovasjon Norge-kontor, eller til den kommunale næringsforeininga og til enkeltbedrifter.

Distriktskommunane nyttar det vi vil kalle ein nettverksmodell – fordi dei er små, må dei organisere arbeidet meir på tvers, og meir fleksibelt.

Nye inntekstkjelder

I løpet av dei siste tiåra har næringslivet i distrikta vore gjennom store omstillingar. Den mest markante er truleg overgangen frå industriutbygging til å satse på små- og storskalareiseliv: Alt frå cruiseskipsanløp til vintersport, mørketidsopplevingar, hyttefelt, ymse safariopplegg og ikkje minst jakt- og fisketurisme har skapt nye og erstatta gamle inntektskjelder i lokalsamfunnet.

Men den 12. mars 2020 endra utsiktene seg totalt for reiselivet, lokalt og nasjonalt. Akkurat då store delar av distriktsreiselivet stod klar for å møte 2020-sesongen, blei det full stopp, særleg i den fly- og cruisebaserte delen av reiselivet.

Ved å legge eit tradisjonelt perspektiv på kommunar og distriktsnæringsliv til grunn, ville spådomane i dag vere dystre. Vi høyrer stadig at bedriftene i periferien er små og sårbare, og at apparatet kring dei – kommunane – saknar høg kompetanse (jau då, det er framleis langt mellom kvar psykolog i periferien).

Grunn til optimisme

Men kartlegginga vår gir grunn til ein viss optimisme: Distriktskommunane er faktisk vane med å takle store omstillingar, og dei er tåleg godt rigga for å møte dei nye utfordringane, i den grad dei mobiliserer både ressursar i eigen organisasjon, held fram med å operere i tett samspel med lokalt næringsliv, og utnyttar sine kontaktar oppover i det regionale systemet når det er behov for ekstern kompetanse og kapital.

Om ein startar med ein analyse av næringstilstanden etter koronaen, vil ein lett sjå både utfordringar og moglegheiter. Koronakrisa har ført til eit samanbrot i den internasjonale masseturismen, men ein god del utlendingar – særleg i fiskeridistrikta – kjem i eigen bil og bubil.

Mange distriktskommunar har faktisk godt med plass og kompetanse til å ta i mot både landsmenn og folk frå Norden og Europa (ikkje minst frå Aust-Europa).

Koronakrisa har også ført til meir fokus på kortreiste produkt og på behovet for å halde oppe matproduksjonen, noko som kan utløyse nye produksjonar og innovative distribusjonssystem i jordbruket.

Opptatt av attraktivitet og digital tilgang

Men det kanskje mest interessante vi såg av kartlegginga, og som er høgst relevant i ei post-korona tid, er distriktskommunane si vektlegging av attraktivitet, gjennom stedsutvikling og god digital tilgang.

Er det noko koronakrisa har ført med seg, ved sidan av handvasking, så er det dei moglegheitene heimekontoret opnar for. Og dersom fleire tar med seg jobbar ut av dei større bysentera, står distriktskommunane der med breiband, rimelege tomter og kanskje ei liberal haldning til å omdanne fritidsbustaden til permanent opphald.

Og det er akkurat her arbeidet med å utvikle stedskvalitetar kjem inn, for dagens familiar lever ikkje av ein romsleg bustad og fast arbeid aleine. Breidde i det lokale tilbodet har sine grenser, og ein kjem derfor ikkje utanom god fysisk tilgang til sentra på ulike nivå.

Og så kan distriktskommunane tilby tilflyttarar noko som byane aldri kan matche – nemleg moglegheita for dei mange til å delta i styringa av eige lokalsamfunn.

Vindauge opnar seg

Så kan ein innvende at dei momenta som er nemnde her, ikkje akkurat er revolusjonerande; dei har vore kjende lenge, utan at det har hindra at særleg ungdom søker til storbyane.

Urbaniseringa er eit globalt fenomen som vil vare ved, men akkurat i dag opnar det seg eit vindauge for distrikta. Så står att det så sjå (og forske på) om næringsapparatet lokalt er godt nok rigga for å ta post-koronautfordringa, i distriktskommunane sitt nye omstillingsarbeid.