Kronikk

Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit

Kor blei det av køane?

Helseministeren vil saman med KS kartlegge sjukeheimskøane. I vår kommune spør vi heller kor blei det av køane.

Publisert Sist oppdatert

Da vi planla sjukeheimsutbygginga, hadde vi lange ventelister

Aftenposten skreiv at talet på plassar i pleie- og omsorgsinstitusjonar berre hadde auka med 567 på åtte år frå 2005 til 2013. Førre regjering lova i 2008 at det skulle koma 12.000 nye plassar i sjukeheimar og heildøgns omsorgsplassar innan 2015 for å gi plass til alle. Dei lova også full sjukeheimsdekning.

Kvifor har det ikkje gått slik? Er det berre dårleg kommuneøkonomi som er årsaka, eller er det andre meir fundamentale endringar som har skjedd? Eg bruker Time kommune som eksempel.

Tabellen under viser utviklinga i Time frå 2005 til ferdigstilling av nye plassar med heildøgns omsorg i 2015. Eg bruker sjukeheimsomgrepet på alle desse plassane, då dei er tenkt brukt på same måten og med om lag same bemanning.

Time kommune 2005 2010 2014 2015
Sjukeheimsplassar779195119
Venteliste16150
Personar over 80 år466499535546
- herav personar over 90 år6069100100

I 2012 blei samhandlingsreforma innført med forventa større behov for sjukeheimsplassar. Time kommune har oppnådd målsetjinga om full sjukeheimsdekning. Når vi ser på denne utviklinga, må vi spørje oss: Kva har skjedd, og kvifor byggjer vi fleire plassar nå?

Omsorg hadde i 2007 ein ekstern gjennomgang av tenestetilbodet, og resultatet viste at hjelpa vår ikkje var tilstrekkeleg innretta etter behovet. Dei med berre litt behov, fekk for mykje tenester. Dei med store behov, fekk det dei hadde bruk for.

Då stod vi att med ei stor gruppe som hadde større hjelpebehov, men der vi gav for lite hjelp. Løysinga for desse blei ofte å tilby sjukeheimsplass eller rettare sagt tilby ein plass på ventelista. Når desse gruppene nå får meir tilpassa hjelp i heimen, ønskjer dei aller fleste framleis å bu heime. Omsorgstenesta i Time har ein visjon, «Til stades i eige liv», der hovudmålsetjinga er at innbyggjarane så lenge som råd, skal kunne bu heime.

Ei anna årsak til at sjukeheimsbehovet er redusert, er lokal bustadbygging dei siste åra. Det er i privat regi etablert mange sentrumsnære lettstelte og lett tilgjengelege leilegheiter. Det er nå også i vår kommune blitt slik at mange eldre flytter frå store hus til leilegheiter. Her klarer dei seg mykje lenger i eigen heim, og dei aller fleste trivst best med det.

Eldre lever lenger, og vi har mange fleire over 90 år nå enn for få år sidan, men det er ikkje slik at om folk blir eldre, så har dei like stort behov for hjelp som tilsvarande aldersgrupper hadde for ti eller 20 år sidan. Folk er friskare. Det finst og betre hjelpemidlar å setje inn i heimane. Gjennom målretta opptrening blir eldre og sjuke også sett i stand folk til å klare seg sjølv heime.

Kvifor i alle dagar har då Time kommune bygd ut kapasiteten med 24 nye plassar som blir ferdigstilt i 2015? Det er nå slik at utbygginga er planlagt for lang tid sidan. I økonomiplanen for 2009–2012 vart utbygginga vedteke med ferdigstilling i 2013. Framdrifta gjekk ikkje etter den første planen, men er to år forsinka.

På det tidspunktet vi planla denne utbygginga, hadde vi lange ventelister, talet på eldre ville auka, regjeringa satsa på utbygging av sjukeheimsplassar og lova investeringstilskot til etablering. Time kommune såg inn i glaskula, og meinte at desse plassane hadde vi behov for. Av dei 24 nye plassane, vil vi i 2015 ta i bruk åtte.

Er det ikkje flott at vi har 16 ledige plassar for å kunna ta den veksten som vil koma i framtida? Kommunen er tildelt 20 millionar kroner i investeringstilskot til desse 24 plassane. Utbetaling skjer først når alle plassane er tatt i bruk, og dei må takast i bruk i 2015 for å få tilskotet, ifølgje vilkåra frå Husbanken.

Andre kommunar har også bygd ut sine sjukeheimsplassar, og i staden for å utvide, legg dei ned eksisterande plassar. Då får dei utbetalt investeringstilskot. Må vi flytte ei avdeling eller to frå ein av sjukeheimane? Er det andre kommunar som vil bruke plassane ein periode? Eller går det an å gjera noko med regelverket? Bortfall av ei inntekt på 20 millionar kroner er stor straff for å byggje for framtida.

Andre kommunar har nok hatt noko av same utvikling som Time, og då var kanskje 12.000 nye sjukeheimsplassar eit heilt feil mål som vi skal vera glade for at kommunane ikkje har følgd.

Powered by Labrador CMS