Forslaget om lovendringar i dispensasjonssaker i strandsona, reiser mange spørsmål om korleis lova skal forståast, skriv kronikørane. Illustrasjonsfoto: Ole Morten Melgård
Forslaget om lovendringar i dispensasjonssaker i strandsona, reiser mange spørsmål om korleis lova skal forståast, skriv kronikørane. Illustrasjonsfoto: Ole Morten Melgård
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Blir det meir bygging i 100-metersbeltet?

Kommunane skal få større makt i dispensasjonssaker. Gir det ein snarveg for store tiltak i standsona?

Den største konsekvensen av endringane blir nok at dispensasjons-saker ikkje lenger blir klaga på i like stor grad.

«Kommunen sa ja, men no seier Fylkesmannen nei. Og då blir det nei.»

Slik er det mange som har opplevd prosessen med søknad om dispensasjon frå byggeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Fylkesmannen har, slik reglane er i dag, god kontroll med kva dispensasjonar som blir gitt. Dette kan no vere i endring.

Omsynet til det kommunale sjølvstyret er i vinden som aldri før: Ei ny føresegn i Grunnlova § 49 andre avsnitt slår fast at: «Innbyggjarane har rett til å styre lokale tilhøve gjennom lokale folkevalde organ.»

Dette inneber sjølvsagt ikkje at kommunane alltid kan gjere som dei vil. Det lokale sjølvstyret må balanserast mot andre allmenne omsyn.

I strandsona vil omsynet til miljøet, som også er verna av Grunnlova, vere sentralt. Allemannsretten, som det er forslag om å ta inn i Grunnlova, er også viktig her.

I 100-metersbeltet er det eit lovfesta byggeforbod som fungerer som eit generelt plankrav: Utgangspunktet er at det berre kan byggast her dersom kommunen har opna for dette gjennom arealplan. 

Arealplanlegging er eit viktig reiskap når kommunar og fylkeskommunar skal realisere sine lokalpolitiske mål. Det er eit sentralt prinsipp at planlegging skal skje desentralisert og nært folket planane har avgjerande verknad for.

Planane må likevel vere i tråd med nasjonale og regionale rammer og mål. Statlege organ kontrollerer planane når desse er på høyring, og har rett til å kome med motsegn (innsigelse) til forhold som er av «nasjonal eller vesentlig regional betydning».

I saker som gjeld strandsona, er dei statlege planretningslinjene av 2011 sentrale, og kan danne grunnlag for motsegn. Kjem det motsegn, og mekling om denne ikkje gir resultat, er det departementet som avgjer om planen skal stadfestast eller endrast.

Byggeforbod og krav om styring gjennom plan gjeld likevel ikkje utan unntak. Vil ein bygge i 100-metersbeltet der det ikkje er opna for det gjennom plan, kan kommunen gi dispensasjon. I plan- og bygningslova § 19-1 er det strenge krav både til prosess og til i kva tilfelle ein kan gi dispensasjon. Slik det er i dag, skal kommunane sende alle søknadar om dispensasjon frå byggeforbodet i strandsona på høyring til Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Mang ein strandeigar har nok tenkt at bøygen for å få løyve ligg her: Lova har nemleg ikkje berre krav om at Fylkesmannen skal høyrast, men også om at uttalen skal ha særleg vekt når kommunen vurderer om søknaden skal godkjennast.

Det ligg no føre lovforslag om endring i saksgangen i dispensasjonssaker, terskelen for å gi dispensasjon, og reglane for overprøving. Saman skal endringane styrke det kommunale sjølvstyret på dette området. Prinsipielt og viktig, synest vi, men det har kanskje ikkje fått den merksemda denne prosessen fortener.

Lovforslaget sitt første grep er å gjere slutt på at alle søknadar om dispensasjon skal sendast på høyring. No er det berre dei sakene som gjeld «nasjonale og viktige regionale interesser» Fylkesmannen skal høyrast i.

Terskelen for statleg medverknad i einskildsaker blir dermed like høg som den som gjeld for vilkåra for motsegn i plansaker. Forskjellen er at det i saker om dispensasjon er kommunane som må vurdere om saka har «nasjonal eller vesentlig regional» betyding slik at ein vil  «blande inn» Fylkesmannen i saka: Kommunane får «handa på rattet» og kan styre saka unna Fylkesmannen sitt bord.

Lovforslaget sitt andre grep er å endre vilkåra for å gi dispensasjon. I dag står det i § 19-1 at ein berre kan gi dispensasjon dersom omsyna bak regelen ein dispenserer frå ikkje blir «vesentlig tilsidesatt» og fordelane med dispensasjonen er «klart større enn ulempene».

Eit mål med denne ordlyden, som kom inn i 2008-lova, var å stramme inn dispensasjonspraksisen og unngå bit-for-bit-nedbygging av strandsona. No meiner departementet at kommunane må få større handlerom i dispensasjonssaker som er av «lokalpolitisk betydning». Det generelle kravet om overvekt av omsyn som talar for dispensasjon er teke ut, og det er lagt til at:

«Dersom andre viktige samfunnshensyn tilsier det, og det foreligger særskilte behov, kan det likevel gis dispensasjon.»

Formuleringa gir inntrykk av at kommunane vil få stor fridom til å bruke dispensasjon til å tilrettelegge for tiltak av samfunnsmessig verdi, i staden for å gå vegen om arealplanprosess. Har ein no laga ein snarveg for å få raskt på plass store tiltak som kan ha konsekvensar for andre viktige samfunnsinteresser? Kan kommunen t.d. tilrettelegge for akvakultur gjennom dispensasjon i staden for gjennom arealplan, eller gi dispensasjon til oppføring av påtrengt skulebygg i 100-metersbeltet og unngå prosesskrava ein har til planar?

Dei nye vilkåra reiser mange spørsmål om korleis lova skal forståast, og kor mykje ein eigentleg hadde tenkt å endre på. Dette kan bli eit vanskeleg tema for dei ulike kommunane, men også for fylkesmenn og kanskje domstolen.

Lovforslaget sitt tredje grep er at dei konkrete vurderingane i dispensasjonssakene langt på veg skal reknast å vere av lokalpolitisk karakter, og såkalla «fritt skjønn». I praksis vil det kunne få betydning for Fylkesmannen si prøving i klagesaker. I tråd med forvaltningslova sine alminnelege reglar har Fylkesmannen i slike saker plikt til å legge vekt på omsynet til det lokale sjølvstyret.

Når Fylkesmannen skal handsame saka, må han vurdere kva som er nasjonale interesser, som han kan «blande» seg i, og kva som er lokale interesser. Denne grensa er vag og vanskeleg. Strandsonesaker vil nok Fylkesmannen som regel finne grunn til å prøve dersom han får inn ei klage. Men her kan praksis gjerne variere. Nokre fylkesmenn kan ha eit anna syn på kva som er lokalpolitikk enn andre.

Den største konsekvensen av endringane blir nok kanskje likevel at dispensasjonssaker ikkje lenger blir klaga på i like stor grad. I dag er det ofte Fylkesmannen si miljøvernavdeling som klagar på slike saker, men vil det i framtida bli slik? Vil Fylkesmannen som klageorgan i det heile få informasjon om at det er treft noko vedtak om bygging i strandsona?

Med dei nye reglane er det kommunane som bestemmer om dei vil sende saka på høyring. Gjer dei ikkje det, og vedtaket ikkje blir klaga på av private partar, kjem ikkje saka til Fylkesmannen sitt bord.

Slik lovforslaget ser ut på papiret, kan ein tenkje seg at ei vanleg oppleving med ein dispensasjonsprosess i framtida kan bli at: «Kommunen sa ja. Og Fylkesmannen veit framleis ikkje noko om det…»