Ho vil trosse vass-skrekk og rafte i Ottaelva
Edel Kveen (Sp) gjorde reint bord i Skjåk, fekk 60,5 prosent av stemmene og meiner regjeringas sentraliseringspolitikk er den største utfordringa i kommunen.
Om lag ein tredel av de nyvalde ordførarane er helt nye i vervet. Møt nokre av dei i denne serie fram til nyttår.
Edel Kveen (Sp)
Ny ordfører i Skjåk
47 år, gift
Utdanna vernepleiar
Har jobba som avdelingsleiar i miljøarbeidartenesta i Lom kommune
Åtte år i kommunestyret, fire i formannskapet
1 Kvifor vil du bli ordførar?
– Fordi eg har eit engasjement for å halde oppe ei solid kommune med gode tenester og variert næringsliv. Eg meiner og at vi som kvinner må ta ansvar og stille oss til disposisjon for leiande verv.
2 Kva vil du gjere for å lukkast best mogleg i vervet?
– Vera lydhøyr og inkluderande, drøfte og kommunisere i partigruppa og kommunestyret. Eg vil invitere innbyggjarane til dialog.
3 Kva gler du deg mest til?
– Bedriftsbesøk og besøk til arbeidsplassar i ulike sektorar i kommunen.
4 Kva er du mest spent på?
– Samspelet mellom kommune, fylke og stat og det lokalpolitiske handlingsrommet.
5 Kva er den største politiske utfordringa i din kommune?
– Sentraliseringspolitikken og ringverknaden av denne. Skjåk har og ein utfordrande demografi, med stadig fleire eldre og færre i yrkesaktiv alder.
6 Kva er ditt viktigaste vallovnad og korleis skal du oppfylle det?
– Vi vil sette inn fleire nye tiltak for å møte klima- og miljøutfordringane. Vi må legge til rette for næringsutvikling for å auke innbyggjartalet.
7 Kven vil du helst skal flytte til kommunen din og kvifor?
– Alle er hjarteleg velkomne til å flytte til Skjåk. Spesielt velkomne er unge, småbarnsforeldre og gründarar.
8 Kva likar du å gjere i fritida?
– Eg oppheld meg gjerne i fjellet – einsleg, med familie eller gode vener.
9 Fortel noko om deg sjølv som ikkje alle veit!
– Eg er absolutt ikkje glad i det våte element, men har likevel eit mål om å rafte i Ottaelva når motet blir stort nok og elva lita nok.