Nykommar i partilaus kommune

Kommunevalget 2019. Om lag ein tredel av dei nyvalde ordførarane er heilt nye i vervet. Møt nokre av dei i denne serien. Kjetil Eikefet (Samlingslista) er ny ordførar i ein av dei minste og rikaste kommunane i Noreg.
Kjetil Eikefet tar over som ordførar for Samlingslista i Modalen innerst i Hordaland. Kommunen har bare to bygdelister. Den andre heter Solrenningslista. Foto: Privat

1 Kvifor vil du verte ordførar?

– Fordi eg er glad i og stolt av kommunen vår. Som ordførar kan eg arbeide på heiltid for at den framleis skal vere ein god stad å bu enten du er barn, ung, midt i livet eller pensjonist.

2 Kva vil du gjere for å lukkast best mogleg i vervet?

Ferske ordførarar

Kjetil Eikefet (Samlingslista)

Ny ordførar i Modalen

48 år, gift, to barn

Utdanna fagskuleingeniør bygg og anlegg

Jobbar som fagleiar i vegavdelinga i Lindås kommune

Fire år i kommunestyre.

– Vere den som tek seg tid til å lytte på innspel, alltid ha i tankane at eg er ordførar for innbyggjarane våre og ikkje for min eigen del.

3 Kva gleder du deg mest til?

– Eg gler meg til alle utfordringar og alt det nye som skal lærast.

4 Kva er du mest spent på?

– På mykje, eigentleg, men sjølvsagt på kor mykje ein klarar å få gjennomført dei neste åra, med dei økonomiske utsiktene ein har.

5 Kva er den største politiske utfordringa i din kommune?

– Kva bustadpolitikk me skal føre i framtida vert ei av utfordringane våre. I Modalen er det avgrensa med areal å byggje bustader på utan å ta av dyrebar matjord, som eg er skeptisk til. Kva type bustader skal me byggje, er fortetting svaret, kan me bruke økonomiske insentiv for å fremje bygging av fleirmannsbustader? Spørsmåla er mange.

6 Kva er ditt viktigaste valløfte og korleis skal du oppfylle det?

– Næringslivet i kommunen skal framleis ha gode rammevilkår. Derfor er det viktig å bruke næringsfondet aktivt og sikre samhandling mellom næringslivet og kommunen som tilretteleggar.

7 Kven vil du helst skal flytte til kommunen din og kvifor?

– Alle er velkomne til å flytte til Modalen. Vi skal vere eit ope og inkluderande samfunn med plass til alle.

8 Kva likar du å gjere i fritida?

– I fritida mi likar eg meg aller best ute i skog og mark. Alle årstider har sine høgdepunkt, men hjortejakta på hausten er det største.

9 Fortel noko om deg sjølv som ikkje alle veit?

– Eg lagar kommunens beste marsipankake.

Flere artikler om
Emner

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.