Nyheter
Kvalifisert, men ikkje kompetent
Kofa har fleire saker til handsaming der kommunane vert skulda for ikkje å vite skilnaden på kven som er kvalifisert til å vere med i ein konkurranse, og kven som er kompetent til å vinne anbodet.
Reglane for offentlege innkjøp er slik at kommunane må vurdere om dei som legg inn eit tilbod i ein konkurranse, er kvalifiserttil å vere med. Til dømes kan det vere krav om HMS-attest.
Men for at anbodet skal vere rett, kan ikkje kommunen nytte dei same krava når han skal vurdere kven som skal vinne anbodet. Kva krav som skal stillast for å vurdere kven som er mest kompetentog dermed skal vinne anbodet, må samstundes opplysast om når konkurransen startar. Berre krav som er med frå byrjinga, er det lov å nytte når ein skal avgjere kven som vinn kontrakten.
Stavanger, Måsøy, Bergen, Hemnes, Vestby, Tokke og Nav drift og utvikling er nokre av dei som er melde til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (Kofa) dei siste månadane, med skuldingar om surr med krav til kvalifisering eller tildeling.
For eit par veker sidan vart Sogn og Fjordane fylkeskommune felt i Kofa for å nytte eit ulovleg kriterium ved tildeling.
Så langt er det ikkje kome inn nokre klagar til Kofa som utelukkande syner til brot på byggherreforskrifta i anbodsprosessar.