Debatt
Spinkelt om kommunestreiken
I leiarkommentaren av 12.juni prøver Kommunal Rapport iherdig å stemple den 12 dagar lange Unio-streiken i kommunal sektor som resultatlaus.
Kommunal Rapport viser rett nok til at konflikten var «først og fremst en investering i fremtiden». Samstundes blir det vist til at denne strategien «ikke ble godt nok kommunisert».
Det kan godt hende. Likevel har nok dei streikande fått med seg meir enn det Kommunal Rapport har gjort. Det einaste leiarskribenten har sett er ein lærarstreik. Denne har likevel gjort så stort inntrykk at avisa fryktar ta det også skal bli lønnskamp - omkamp -i tida framover. Og det blir det for langt fleir enn lærarane - det er tariffoppgjer kvart år.
Streikeresultatet - protokollen - forbetrar grunnlaget i så måte:
1. Protokollen styrker klart og tydeleg grunnlaget for betre lønn for utdanningsgruppene i kommunal sektor. Det blir til og med oppretta eit partssamansett utval som skal overvake dette.
2. Protokollen forpliktar også arbeidsgjevarane i likelønnsarbeidet, mellom anna basert på likelønnskommisjonen sine vurderingar og tilrådingar.
3. Det blir pengar også på andre måtar. Lokale lønnstillegg som blir gitt i 2008 skal «flyte oppå», altså kome i tillegg til framforhandla minstelønnshevingar. Dette er ei ordning KS tidlegare har gått i mot. For mange blir dette tillegg utover det som låg i den opphavlege meklingsskissa Unio sa nei til.
4. Det blei ikkje lønnsnemnd, slik mange spådde, men forhandlingar mellom partane. Unios medlemmer får nye tarifftillegg frå 1. mai, trass i streik. Det er også ein gevinst, målt mot erfaringar frå tidlegare streikar i offentleg sektor.
Unio-streiken var sjølvsagt også ein lærarstreik. Mange medlemmer i skuleverket streika mot arbeidsgjevarane. Det same gjorde ei rekkje andre yrkesgrupper og leiarar i kommunal sektor.
Difor blei streiken ofte omtalt som «kommunestreiken». Utdanningsgruppene forkasta meklingsforslaget - i praksis vraka dei arbeidsgjevarane sitt opplegg, både i KS og i Oslo.
Denne streiken var den breiaste og tyngste streiken i kommunal sektor på lang tid. Streiken kom trass i at arbeidsgjevarane febrilsk har prøvd å presentere meklingsskissa som eit løft for utdanningsgruppene. Ikkje alle medlemmer er fornøgde med protokollen som ga grunnlag for å blåse av streiken. Mange ville gjerne ha streika lenger. Men eg har ikkje møtt ein einaste medlem som har vore ueinig i streikegrunnlaget.
Kommunal Rapport er mildt sagt overflatisk i si analyse av streiken. Det får så vere.
Meir interessant blir det å sjå korleis å sjå korleis KS vil følgje opp arbeidet med å styrke kommunesektoren sitt omdømme.