Debatt

Skal vi gje pengar til taparane?

Tullar du bort pengane dine, kjem staten og hjelper deg. I alle fall verkar det slik når kommunalministeren gjev pengar til Terra-kommunar i eige fylke.

Publisert Sist oppdatert

Ei melding frå Kommunaldepartementet fortel at Vik og Bremanger får 15 millionar kroner i ekstraordinært tilskot i år. Det er kan hende ikkje så rart, tenker du – det er jo mange kommunar som får slike pengar.

Men er du ein kommune som har 27 prosent høgare inntekt enn snittet, slik tilfellet er for Vik, er det sjeldan slike pengar å hente. Så kvifor gje pengar til dei og Bremanger, som har 20 prosent høgare inntekt enn snittet? Begge er blant dei 50 best stilte kommunane i Sør-Norge. Skulle ikkje pengane i staden gå til Eid, Vågsøy eller Stryn, som ligg i same fylke som Vik og Bremanger, men som ligg på botn i korrigert inntekt?

Nei, sidan Vik og Bremanger spytta ekstrainntektene sine inn i dei elendige verdipapira Terra selde, får kommunane no ekstra hjelp av departementet.

Ifølgje departementet sjølv fekk i fjor fire kommunar pengar dei kunne nytte til å dekke underskot. Til no i år har altså Vik og Bremanger fått enno ein gong. Samla har kommunane som tapte på investeringane sine fått 43 millionar kroner av staten til å dekke gjeld. Litt tabloid kan vi då slå fast at det er 9 kroner frå kvar einskild nordmann som har gått til desse fire kommunane. Det er til dømes 5 millionar kroner frå Oslo, 1 million frå Stavanger. Det er ikkje mykje, sjølvsagt, men kvifor i all verda skal vi dekke desse underskota i kommunar som altså har inntekter vanlege kommunar berre kan drøyme om?

Eg veit ikkje om det er avlat kommunalministeren no driv med, sidan departementet sjølv la vegen open for Terra-meklarane ved i si tid å slå fast at det var lov å låne pengar for å investere i aksjar. Er det ikkje i så fall ganske rart at ikkje alle åtte får pengar? Departementet har ei forklaring om at kommunane som har fått pengar til no, «tek ansvar». Må vi då slutte at dei kommunane som ikkje har fått pengar, ikkjetek slikt ansvar?

Terra-saka er eit mareritt for dei involverte kommunane. Men rikspolitikarane har frå før gjeve dei lov til å nytte ti år på å komme seg i balanse att. Å sanere gjeld for dei i tillegg, kan verke litt merkeleg. Særleg når det for utanforståande er vanskeleg å skjøne kvifor nokre kommunar får støtte, og andre ikkje.

Powered by Labrador CMS