Debatt
Regional barnehageutvikling
Barnehagesektoren har 85.000 tilsette. Sjukefråværet er 11,9 prosent og stigande. Av dei 27.000 styrarane og førskulelærarane er det berre 1prosent som har formell leiarutdanning. I Sogn utviklar vi modellar for å løyse dette.
Sidan innføringa av nasjonale prøvar, syner resultata at Sogn og Fjordane er det beste skulefylket i landet. Ein skulle kanskje tru at eit fylke med 26 kommunar og 107.000 innbyggjarar burde ha ulemper med kvalitetsutvikling. Stoda er faktisk den motsette. Vi blir gode på grunn av samskaping og strukturert samhandling. Vi har eit systematisk samarbeid mellom kommunane, regionråda, fylkeskommunen, Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, KS og Ungt Entreprenørskap.
Grunnlaget for at vi er på topp, er dette strukturerte samarbeidet mellom alle aktørane innan skule og barnehage. Gjennom fleire år har vi hatt ei systematisk satsing på formell etter- og vidareutdanning, der vi «produserer» mange hundre prosent fleire studiepoeng enn staten sin modell. Kommunane i dei fire regionråda har eit gjennomgripande samarbeid på skule- og barnehageutvikling, spesielt gjennom utvikling av regionale fagnettverk for dei ulike fagområda i grunnskulen. Fagleg utvikling skjer på tvers av organisasjons- og kommunegrenser. I tillegg har vi ei sterk satsing på entreprenørskapsarbeid. Det myldrar av partnarskapsavtaler mellom barnehagar, skular, offentleg sektor, frivillige organisasjonar og næringslivet elles. Målet er å stimulere kreativitet og god læringskultur.
Som det første regionrådet i landet har vi inngått ein partnarskapsavtale for å løyse utfordringane i Stortingsmelding 41 Kvalitet i barnehagen. Saman med Nav Arbeidslivssenter, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Utdanningsforbundet skal vi styrkje barnehagen som læringsarena og skape eit meir inkluderande arbeidsliv. Vi skaper regionale fagnettverk for dei sju fagområda i rammeplanen, der kvar av de sju kommunane får ansvar for sitt nettverk. Vi skal utvikle kommunane si rolle som barnehageeigar, og vi har starta formell leiarutdanning for 33 styrarar og pedagogiske leiarar. Vi sender ikkje personalet på uforpliktande kurs, men vi byggjer kompetanse, nettverk, arenaer og strukturar for samarbeid og kvalitetsutvikling. Hausten 2011 startar vi kull nr. to. Når desse 35 har teke eksamen, vil om lag 80 % av pedagogane i våre private og kommunale barnehagar ha formell leiarutdanning på 30 studiepoeng.
I Sogn erkjenner vi behovet for ei regional samhandlingsreform for kvalitetsutvikling av barnehagesektoren. 20 år fram i tid, skal desse håpefulle skape framtidas arbeidsplassar i eit konkurranseutsett og globalt arbeidsliv. Det er kreativiteten, haldningane og dyktigheita til desse barna som kan redde velferdssamfunnet. Det er her vi verkeleg treng samhandlingsreformer og støypeformer for kvalitetsutvikling.