Sporing ved hjelp av GPS kan gjere kvardagen enklare og tryggare, men ny teknologi kan vere komplisert og er tid- og energikrevjande. Illustrasjonsfoto: Hung Ngo
Sporing ved hjelp av GPS kan gjere kvardagen enklare og tryggare, men ny teknologi kan vere komplisert og er tid- og energikrevjande. Illustrasjonsfoto: Hung Ngo
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Omsorg i velferdsteknologien si tid

Å ta i bruk ny teknologi og å gjere ting på nye måtar er tid- og energikrevjande. Ein annan og ny type kompetanse krevst av både pårørande og helsepersonell.

Har pårørande og helsepersonell gode nok føresetnadar til å ta ansvar for og bruke teknologien?

Per Hansen er eit friluftslivsmenneske. Han vil gjerne gå langt og lenge. Kona til Per veit kor viktig dette er for han, men er uroa for at han skal rote seg bort når han går ut.

Per har nemleg demens, i likskap med om lag 70.000 andre personar i Noreg. For Per betyr dette at han snur døgnet, kan gå ut midt på natta og ikkje finne heim igjen. Dette er sjølvsagt ein svært risikofull situasjon for Per.

For å gjere kvardagane enklare og tryggare for personar som Per og kona, og for å kunne tilby gode tenester til brukarane sine, investerte Stortinget i fjor 70 millionar til satsingar på velferdsteknologi i kommunane.

Velferdsteknologi er ikkje eit klart avgrensa omgrep, men eksempel på slik teknologi kan vere elektroniske medisindosettar som gir deg beskjed om når du skal ta medisin, eller digitale arbeidslister for heimetenestene som kan oppdaterast fortløpande, der personale kan sjekke medisinlister, journalnotat og skrive rapport utan å vere innom kontoret først.

Eit anna eksempel på velferdsteknologi er noko som fekk store konsekvensar for Per Hansen og kona hans: Lokaliserings- og sporingsteknologi, eller GPS. Ved å bruke GPS, kunne Per legge i veg i visse om at pårørande eller tilsette i heimetenestene ville finne han att om han ikkje kom heim til avtala tid.

Men teknologien gjer ikkje dette aleine. For at den skal fungere etter hensikta, er ein avhengig av tilstrekkeleg infrastruktur og teknisk støtte, og at folka som er involvert veit kva dei gjer, og kva dei kan gjere om teknologien ikkje fungerer etter hensikta.

Helsedirektoratet leverte i slutten av januar sin første rapport om gevinstar frå det nasjonale programmet med å innføre velferdsteknologi som ein del av det kommunale tenestetilbodet innan 2020. Rapporten anbefaler mellom anna at GPS blir integrert som ei av tenestene kommunane kan tilby.

Helsedirektoratet meiner vidare at digitale arbeidslister i heimetenestene òg kan vere ein lovande teknologi. Kommunane som har innført teknologien, viste seg å spare pengar. Mange pengar. Drammen kommune sparte 6,2 millionar kroner etter at ni av innbyggarane tok i bruk GPS. I tillegg kjende brukarar og pårørande seg tryggare, og dei tilsette treivst betre med arbeidsoppgåvene.

Gevinstrealisering er likevel ikkje ein uforskyldt lottogevinst, men eit resultat av hardt og gjennomtenkt arbeid der fleire aktørar må vere involvert. Kommunen må ha varslingsrutinar for GPS. Pårørande må ofte ta ansvar for å organisere og passe på teknologien. I Per Hansen sitt tilfelle medførte dette at kona måtte ordne med mobilabonnement, sikre at GPS apparatet var lada og at ikkje Per la den frå seg ute.

Dei norske forskarane Ingunn Moser og Hilde Thygesen skriv om Per i eit kapittel av boka «Samhandling for helse». Deira poeng er at ansvar og arbeidsoppgåver ikkje forsvinn ved innføring av GPS, men vert omorganisert til pårørande og tilsette i heimetenestene. Teknologi som GPS påverkar tenestene som blir gitt. Har pårørande og helsepersonell gode nok føresetnadar til å ta ansvar for og bruke teknologien?

Ny teknologi kan vere komplisert. Det skal berre ei uheldig hending til før kjensla av tryggleik kan forsvinne, og tilliten til teknologien forvitrar. Har kommunar og helsepersonell kompetanse, kunnskap og ferdigheiter i å bruke den nye teknologien?

Tromsø kommune har innført digital arbeidsliste i ei av sine heimetenestesoner, og forskingsinstituttet NORUT har studert prosessen. Dei peikar i sin rapport på fleire utfordringar her, sett frå dei tilsette sitt perspektiv. Ustabil nettilgang og manglande teknisk support gjorde det vanskeleg for tilsette å venne seg til å bruke og stole på den digitale løysinga. Å ta i bruk ny teknologi og å gjere ting på nye måtar er tid- og energikrevjande.

Det er ein annan og ny type kompetanse som krevst av både pårørande og helsepersonell no og i framtida. Dei må vere teknologikompetente, ha kunnskap om teknologiens moglegheiter, verkeområde og avgrensingar. Kjente arbeidsoppgåver må gjerast på ein ny måte.

Å ha tilsyn med Per Hansen inneber noko anna i 2016 enn det gjorde for berre få år sidan. Innføring av velferdsteknologi krev derfor at kommunane ikkje berre investerer i ny og spennande teknologi, men òg skaffar seg og investerer i teknologikompetente fagfolk, og organiserer tenestene slik at teknologi kan implementerast klokt og langsiktig.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.