Debatt

Munnkorg på miljø eit svik mot ytringsfridomen og framtida

At kommunale miljøvernrådgjevarar ikkje har nok innverknad i sakshandsaming og ikkje kjem offentleg til orde i ein del omstridde og kontroversielle saker som i høgste grad har prinsipielle og konkrete miljøaspekt i seg, er diverre ikkje nokon nyheitssensasjon i Kommune- Norge, sjølv om det heldigvis fins mange heiderlege unnatak.

Når miljøvernrådgjevar Tone Skau Jonassen i Porsgrunn kommune har fått såkalla munnkorg i saka om ei eventuell etablering av møbelgiganten IKEA i kommunen, føyer det seg relativt godt inn i rekkja av slik kommunane alt for ofte neglisjerar den fagkompetansen dei har sikra seg, ved å ha stillingsheimlar for miljøvernrådgjevarar i staben sin.

Sjølv om det ikkje heilt går på det same, men likevel har mykje til felles, siterar eg fyrstesideoppslaget i Kommunal Rapport nr. 14: «Varslere straffes i kommunene. Kommunale ledere motarbeider varsling og knebler ansattes ytringsfrihet, slår Sivilombudsmannen fast i sin årsrapport. Nå vil han se nærmere på utttalereglementene».

Dei fleste kommunane kvitta seg som kjent med miljøvernrådgjevarane sine da dei øyremerka statlege midlane til slike stillingar opphøyrde (MIK-reformen), ut frå feilaktig prioritering eller i trua på at miljøpolitikken hadde slått rot i Kommune-Norge, og med edle tankar om at miljømessige haldningar og handlingar skulle gjennomsyre og integrerast i alt aktuelt administrativt arbeid og i alle relevante politikkområde.

Dette har i alt for liten grad slått til. Nokre kommunar har derfor prisverdig nok vald å oppretthalde eller nyopprette stillingar som miljøvernrådgjevarar, men ikkje altfor mange av dei opnar for at denne kompetansen skal få reell innverknad på miljøpolitikken i praksis. Da blir det miljøpolitiske truverdet så lite at desse stillingane kan verke som «skinnstillingar». Det er uakseptabelt og må bli slutt på.

Skrevet av: Jon Ingebretsen

Powered by Labrador CMS