Debatt

Kven er viktigaste fagperson?

Eg har i det siste arbeidd med prosjektet «Tidleg innsats», og eg har nyleg stilt meg sjølv spørsmålet: Kven er den viktigaste fagpersonen i eit barn si utvikling fram til 18-20-åra?

Til den viktigaste fagpersonen i eit barn si utvikling, kan ein knyta fylgjande spørsmål.

  • Kva for fagleg bakgrunn bør denne personen ha?
  • Korleis bør han/ho fylgjast opp med omsyn på vidare- og etterutdanning?
  • Kva for handlingsrom bør denne fagpersonen ha?
  • Korleis bør løna vera?

Det synes no å vera vitskapleg stadfesta at 50 prosent av læringsevna er utvikla ved fireårsalderen, og innan ein fyller åtte år er 80 prosent av læringsevna utvikla. (Benjamin S. Bloom: Stability and Change in Human Characteristics. Læringsrevolusjonen s. 223)

Eg har i heile mitt yrkesaktive liv arbeidd innafor grunnskuleområdet. Men med grunnlag i den vitskaplege konklusjonen ovafor, synes det for meg klårt at førskulelæraren er den viktigaste fagpersonen i utviklingsløpet for barn. Men eg vil også nemna helsesøster, som møter alle foreldre og alle born kvart år i dei fyrste seks leveåra.

Med denne synsinga som basis kan ein på nytt stilla nokre spørsmål:

  • Kan ei satsing på auka kvalitet i tilbodet i førskulealder medføra at fleire fullfører vidaregåande skule og færre vert arbeidsledige/uføretrygda i ung alder?
  • Har utdanningsinstitusjonane dette som grunnlag for si utdanning av førskulelærarar?
  • Har arbeidsgjevarane dette som grunnlag for si oppfylging av denne faggruppa?
  • Har fagforbunda dette som grunnlag for sine prioriteringar?

Av dei fagpersonane som fylgjer borna fram mot 20-årsalderen, er det førskulelærarane som tener minst. Bør ein snu denne utviklingsstigen?

Lat ikkje dette verta ein diskusjon om løn, men meir om kven er den viktigaste fagpersonen og kva for krav skal ein stilla og kva for oppfølging skal ein ha for denne yrkesgruppa?

Skrevet av: Einar Fanebust

Powered by Labrador CMS