Debatt
Korleis skape eit klimavenleg fylke?
Klimaendringane er ei av dei største utfordringane i vår tid. Fylkestinget har tatt på seg oppgåva med å få avklart kva vi kan gjere i Møre og Romsdal.
I juli 2007 vedtok fylkestinget i Møre og Romsdal å utarbeide ein fylkesdelplan for klima. Planprosessen skal avklare kva potensial vi har for å redusere utslepp av klimagassar. Vidare skal det utarbeidast konkrete, realistiske og målbare klimatiltak og klargjere kven som kan medverke til å nå måla innan dei prioriterte områda.
Som prosjektleiar i arbeidet med fylkesdelplanen ynskjer eg at den skal bli ein handlingsplan som politikarane kan bruke i møtet med nokre av dei utfordringane som står framfor oss. Det er ei vanskeleg oppgåve, mest fordi klimapolitikk gjeld alle menneske på alle plan - og fordi klimapolitikken kan verke inn på mange av dei aktivitetane som vi i dag tek for gitt.
Klima er ei brennbar politisk sak, både internasjonalt og nasjonalt. Utviklingsland trykkjer hardt på for at den som forureinar skal betale. Heime, der nasjonale politikarar famlar etter dei riktige grepa for å redusere klimagassutsleppa, er det ei enno større utfordring å få innbyggjarane i fylke og kommunar til å førebu seg på at vi må endre nokre av vanane våre.
Nokre meiner vi er for få menneske i Møre og Romsdal til at det vi gjer kan ha noko å seie. Men klimagassutsleppa per innbyggjar i fylket er dobbelt så stort som for gjennomsnittsborgaren i verda! Difor må vi ta klimaproblemet på alvor, sjølv om vi aleine ikkje kan løyse klimautfordringane.
Få land er så privilegerte som oss. Om ikkje vi klarar å møte utfordringa, kven kan då klare det? Vi må førebu oss på at vi i framtida truleg vil møte auka krav til å leve klimavenleg, uansett kor vi bur.
Eit døme er at det frå juli neste år blir det forbode å deponere nedbrytbart avfall (mellom anna papir, tre og våtorganisk avfall). I tillegg må vi rekne med at prisen på karbon vil stige, og at det vil bli mykje dyrare å sleppe ut drivhusgassar.
Med den befolkningsstrukturen og infrastrukturen som gjeld for fylket vårt, må vi vere framsynte og kreative med å finne praktiske og realistiske måtar å skape ein region prega av låge utslepp av klimagassar. Klarer vi det, førebur vi oss ikkje berre på at prisen på karbon vil auke. Næringslivet kan òg gjere framskritt, samstundes som omstillinga drivast av berekraftige haldningar og etiske prinsipp. Er ikkje dette noko vi alle ynskjer?
Når det kjem til utfordringar knytt til utslepp av drivhusgassar, har eg tru på at vi på lenger sikt kan skape ein region prega av minimale utslepp. I tillegg er eg overbevist om at kursendring innan energiforsyning, forbruk og klimagassutslepp vil styrkje næringslivet og forskinga i regionen. Den internasjonale marknaden for miljøteknologi er ei av dei raskast veksande i verda og er rekna til 550 milliardar euro årleg. Mykje av den naudsynte teknologien og kunnskapen eksisterer allereie. Dei framtidige vinnarane i næringslivet er dei som klarer å utvikle produkt og tenester som foreiner klimautfordringane med lønnsam vekst.
Eit døme: To forskarar i Bergen er klare til å lage drivstoff av avfall (trevirke og matavfall). Dei er framfor andre i tid og konkurrerer ikkje med nokon. Auka interesse internasjonalt inneber betre moglegheiter for eksport av norsk miljøteknologi. Men vi må vakte oss vel for ikkje å gå god for alle forslag til tiltak som kastast ut i det offentlege rom. Det må eit godt klimagassrekneskap til for at tiltak kan seiast å vere klimavennlege, og vi må kartleggje omfanget av alle aktivitetar knytt til tiltaka.
Prosjektet for utarbeiding av klimadelplan har fylkesutvalet som styringsgruppe. Det er viktig, ikkje minst for at planen skal kunne bli eit slikt verktøy for handling, men óg fordi planen er tverrsektoriell; den vil omhandle samanhengen mellom den økonomiske utviklinga, energibruken, livsstilen og utsleppa av klimagassar.
Vi veit at kostnadene ved å redusere utslepp av klimagassar varierer frå sektor til sektor.Verkemidlane blir ofte eit kompromiss mellom miljø- og andre interesser. Kompromissa må synleggjerast, og den politiske utfordringa er fyrst og fremst å overvinne interessekonfliktane som er knytt til ei slik kursendring.
Omstilling er avhengig av folks aksept, og at fleire organisasjonar arbeider med haldningsskapande arbeid. Dei sistnemnde gjer kanskje den viktigaste jobben, for politikarane må tru at dei har folket si tilslutning til den jobben som må gjerast.