– Når kommunane legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid, er det svært viktig at dei set av ressursar og rom til den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren og oppfordrar sjukepleiarane til å ta denne masterutdanninga, skriv artikkelforfattarane.

– Når kommunane legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid, er det svært viktig at dei set av ressursar og rom til den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren og oppfordrar sjukepleiarane til å ta denne masterutdanninga, skriv artikkelforfattarane.

Illustrasjonsfoto: Oda Hveem / NTNU Gjøvik
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Kommunane bør sikra seg sjukepleiespesialistar

Det trengs høgare og breiare kompetanse i kommunehelsetenesta.

Majoriteten i aldersgruppa over 65 år klarer seg fint utan omfattande helseteneste, men 20 prosent av dei eldre har stort behov for kommunale tenester og oppfølging frå fastlege. Det er i møte med denne pasientgruppa den avanserte kliniske allmennsjukepleiaren (AKS) kan ha ei sentral rolle.

AKS arbeider praksisnært, men samtidig kan dei bidra med sin kompetanse på både teneste- og systemnivå.

AKS har ein breiddekompetanse, og har slik auka kompetanse til å observere, vurdere og å sette i gang tiltak på avansert nivå.

Ifølge Helsedirektoratet, og etter anbefaling frå Helsepersonellkommisjonen, er det forventa at alle kommunar legg planar for å sikre rett kompetanse fram i tid. Helsedirektoratet har tilskotsordning der kommunane kan søke for å utdanne AKS.

Formålet er å stimulere kommunane til kompetanseoppbygging gjennom å vidareutdanne sjukepleiarar til spesialistar i klinisk allmennsjukepleie.

AKS er utdanna til å sjå ei heilskap, både hos pasienten og i tenesta som heilskap. Ein AKS har breiddekompetanse og samtidig ei meir spissa og avansert undersøking -og vurderingskompetanse.

Eit eksempel er frå Notodden kommune: Deira AKS-funksjon er eit samarbeid mellom mange ulike einingar: Legevakt, fastlegar, heimebasert tenester, sjukeheim, kvardagsrehabilitering, demenskoordinator, kreftkoordinator, fagutviklingssjukepleiar og tildelingskontoret.

Dei rapporterer til einingsleiar i heimebaserte tenester.

AKS kartlegg og følger opp pasientar med komplekse helseutfordringar.

Dei sørger for oppretting og endring av behandlingsplanar og koordinering av tenester i kommunen.

Dei bidreg med kompetansedeling, tenesteutvikling og forskings- og utviklingsprosjekt.

Finansieringa er eit spleiselag og samarbeid mellom blant anna legesenter og legevakt, sjukeheim, heimetenesta og Universitetet i Sør Øst-Norge.

AKS arbeider praksisnært, men samtidig kan dei bidra med sin kompetanse på både teneste- og systemnivå. Det er den enkelte kommune sitt behov som styrer korleis ein AKS arbeider.

Kva kompetanse har sjukepleiarar på spesialistnivå? Gjennom sjukepleiaren si bachelorutdanning så får ein ei treårig grunnkompetanse som generalist.

AKS gir eit høgare nivå på kompetansen i å kunne møte behova i dei store sjukdomsgruppene som demens, rus og psykisk sjukdom, kreft, lunge- og hjarte-karsjukdom. I tillegg får ein auka kunnskap om legemiddelbehandling, rettleiing, brukarmedverknad, etikk og fagleg leiing.

Masteroppgåva i AKS-utdanninga kan utviklast ut frå behova om ny kunnskap på eigen arbeidsplass og kommune.

Ein AKS kvalifiserer til spesialistgodkjenning etter fullført masterløp. Internasjonalt blir AKS anvendt i om lag 70 land. Fleire universitet og høgskular i Norge tilbyr utdanninga, også som deltidsutdanning, blant dei NTNU i Ålesund, Trondheim og Gjøvik og Universitetet i Agder.